Kirsten Bråten Berg
Kirsten Marie Bråten Berg (fødd 7. januar 1950) er ein norsk songar, best kjend som folkemusikar, og sølvsmed. Ho er saman med Hallvard T. Bjørgum rekna som ein fornyar av norsk folkemusikk.
Kirsten Bråten Berg | |||
| |||
Fødd | 7. januar 1950 (74 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Arendal | ||
Opphav | Noreg | ||
Sjanger | folkemusikk | ||
Instrument | vokal, Munnharpe | ||
Plateselskap | Grappa | ||
Verka som | songar | ||
Prisar | Spellemannprisen for årets barneplate, Aust-Agder fylkeskulturpris, Hilmarprisen, Radka Toneff Minnepris, Spellemannprisen i folkemusikk/gammeldans, riddar av St. Olavs Orden |
Bakgrunn
endreKirsten Bråten vart fødd i Arendal. Ho kom frå ein musikalsk familie, faren var bygdespelemann. Ho var med i eit visesongmiljø i heimbyen, men interesserte seg også for folkemusikk. I 1970 drog ho til Oslo og blei folkedansinstruktør i Noregs Ungdomslag. Her kom ho med i folkemusikkmiljøet rundt Club 7.
I Oslo fekk Kirsten Bråten også augo opp for sølvsmedyrket. Ho tok seg jobb i gullsmedfirmaet David-Andersen og studerte eitt år på gullsmedlina på Oslo Yrkesskole. Deretter gjekk ho i lære hjå sølvsmeden Torleiv H. Bjørgum frå Rysstad i Setesdal, som også var spelemann. Berg tok sveinebrev i 1976 og meisterbrev som gullsmed i 1986.
Musikkarriere
endreI 1977 vart ho gift med Bjørgulv N. Berg, ein gardbrukar frå Rysstad i Valle kommune i Setesdal. Her var eit aktivt folkemusikkliv, der Kirsten Bråten Berg møtte kvedarar som Tarjei og Gro Heddi Brokke og musikarane Gunnar Stubseid og Hallvard T. Bjørgum. Ho blei med i gruppa Slinkombas, og gav også ut soloplater.
Berg vart utnemnd til Riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for innsatsen sin som kunstnar og kulturformidlar i 2005. I 2008 vart ho medlem av Agder Vitskapsakademi.
Utgjevingar
endre- Slinkombas (1979, Grappa Musikkforlag) med Slinkombas
- Kirsten Bråten Berg (1980, Grappa Musikkforlag)
- ...og bas igjen (1982, Grappa Musikkforlag) med Slinkombas
- SetesDalarna (1984, Four Leaf Clover Records), med Per Gudmundsson, Maria Röjas, Bjorn Stabi og Gunnar Stubseid
- Min kvedarlund (1988, Grappa Musikkforlag)
- Joletid (1991, Norsk Plateproduksjon) med Hallvard T. Bjørgum
- Sagn (1992, Kirkelig Kulturverksted, 1991 EMI Records), komponert av Arild Andersen
- Våre beste barnesanger 2 (1993, Egmont Serieforlag)
- Cohen på norsk (1993, Kirkelig Kulturverksted)
- Arv (1993, Kirkelig Kulturverksted), komponert av Arild Andersen
- Suede et Norvège: Musique Des Vallées Scandinaves (1993, Ocora)
- Pilgrimen (1996, Grappa Musikkforlag) med Jan Erik Pettersen og Paal-Helge Haugen
- Frå Senegal til Setesdal (1997, Grappa Musikkforlag; 2000, Six Degrees Records)
- Smak av himmel, spor av jord (1999, Grappa Musikkforlag), med diverse andre artistar
- Min kvedarlund (1999, Grappa Musikkforlag)
- Runarstreng (1999, Grappa Musikkforlag)
- Syng du mi røyst (2001, Grappa Musikkforlag)
- Stemmenes skygge (2005, Grappa Musikkforlag)
- Stev for dagen (2007, Grappa Musikkforlag), med Astri Rysstad og Kari Rolfsen
- Barnesangskatten (2008, Egmont Serieforlag), med diverse andre artistar
- Songen (2010, Grappa Musikkforlag)
Prisar
endre- Aust-Agder fylkes kulturpris 1982
- Valle kommunes kulturpris 2007
- Vinnar Landskappleiken kveding 1983 og 1987, siste gongen også kongepokalvinnar.
- Rolf Gammleng-prisen 1991
- Sagaprisen (Arendal) 1992
- Siliusprisen frå Fædrelandsvennen 1993
- Radka Toneffs minnepris 1997
- Rff-prisen 2001
- Polarstjerneordenen 2004
- Æresmedlem i Landslaget for Spelemenn 2005
- Spellemannprisen
- 1979 for Slinkombas saman med Hallvard T. Bjørgum, Gunnar Stubseid og Tellef Kvifte i klassen folkemusikk/gamaldans
- 1988 for Min kvedarlund i klassen folkemusikk/gammeldans.
- 1993 for Våre beste barnesanger 2 saman med Bukkene Bruse, Geirr Lystrup og Anne Kari Hårnes i klassen barneplate.
- Utnemnd til statsstipendiat frå 2011.
Kjelder
endre- Opphavleg omsett frå Wikipedia på bokmål, innhenta måndag 4. januar 2010, klokka 09:16.
- Bitustøyl, Kjell, Kirsten Bråten Berg i Norsk Biografisk Leksikon
Bakgrunnsstoff
endre- Kirsten Bråten Bergs heimeside
- Side hos Musikkinformasjonssenteret MIC Arkivert 2006-12-01 ved Wayback Machine.
- Kirsten Bråten Berg ved myspace.com