Bulandet

(Omdirigert frå Halsøy)

Bulandet, tidlegare kalla Bue, er ei øygruppe vest i havet i Askvoll kommune. Det er rundt 300 øyer, holmar og skjer i gruppa, ofte blir det sagt talet på dei er 365. Dei rundt 260 personane som bur i Bulandet held til på rundt 15 av øyane. Namnet «Bulandet» kjem av «bu», som i «rorbu» eller «sjøbu». Området er også blitt omtalt som Noreg eller Vestlandet sitt svar på Venezia.

Bulandet
Nyevegen på Bulandet med Alden i bakgrunnen
Nyevegen på Bulandet med Alden i bakgrunnen
Geografi
Stad Sunnfjord
Koordinatar 61°17′26″N 04°37′17″E / 61.29056°N 4.62139°E / 61.29056; 4.62139

Tal på øyar ca. 300
Store øyar 15

Høgaste punkt 43 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestland

Demografi
Folketal ca. 230 (2023)

Etter at aktiviteten på Utvær i Solund kommune tok slutt er Bulandet det vestlegaste levande fiskeværet i Noreg. Hovudnæringa er framleis fiske og fiskeforedling, men turisme gjev òg arbeid og innkome og er ein næringsveg i vekst. Det er barnehage og kombinert barne- og ungdomsskule på Bulandet, der òg ungane frå Værlandet går.

Kommunikasjon

endre

I 2003 vart veg- og bruanlegget kalla «Nordsjøporten» opna. Tidlegare var det ferjesamband frå Askvoll/Fure/Værlandet til Bulandet, no går ferja til Værlandet og derfrå er det veg- og brusamband til Bulandet. Nordsjøportenanlegget er på til saman 6 nye bruer og 5240 meter ny veg.

Øyane er bygd opp av sandstein frå devontida.

Bulandet var hamn for seglingar mellom Noreg og Storbritannia under andre verdskrigen, og blei utsett for ein tysk straffeekspedisjon.

Geografi

endre

Blant dei busette øyane er:

  • Gjørøyna, den austlegaste av dei busette øyane
  • Hågøy
  • Gjelsa
  • Fedøyna
  • Halsøyna, der Bulandet skule ligg
  • Hellersøyna
  • Kjempeneset, der Bulandet bedehuskapell og gravplass ligg
  • Vadøy
  • Nikkjøyna, der Bulandet ferjekai ligg
  • Sandøyna, den vestlegaste av dei busette øyane, som ikkje har vegsamband til resten av Bulandet

Folketalsutvikling

endre
1801[1] 1900[2] 2000[3] 2023[3]
70 171 2401 2321

1Med Melværet.

Kjelder

endre
  1. Folketeljing 1801 for Askvoll prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Askvoll herred, frå Digitalarkivet
  3. 3,0 3,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå