AS Halvard Drægni

(Omdirigert frå Halvard Drægni)

AS Halvard Drægni var ein konservesfabrikk på Hermansverk i Leikanger i Sogn og Fjordane. Landhandlar Halvard Drægni i Skjolden i Luster starta produksjon av saft og syltetøy i 1900. I 1919 starta han aksjeselskap og bygde ein stor konservesfabrikk på Hermansverk, som vert kalla Saften på folkemunne. Ein viktig grunn til at han flytte produksjonen var at Hermansverk hadde heilårskommunikasjon med båt, i motsetnad til Skjolden der fjorden ofte var islagd om vinteren. Produkta til Drægni fekk gullmedalje på verdsutstellinga i Rio de Janeiro i 1923.

Bergens & Drægni Produkter endre

Då norsk konservesindustri gjekk inn i vanskelege tider på 1970-talet, starta arbeidet med å samla saft- og syltetøyprodusentane på Vestlandet i eitt selskap. Drægni fusjonerte med Bergensmeieriet i 1978 under namnet Bergens & Drægni Produkter AS. Det var meininga at også Lerum skulle koma med i storkonsernet som skulle heita Vest Konserv, men dette vart ikkje noko av. I 1982 gjekk selskapet konkurs, og Lerum kjøpte fabrikken på Hermansverk.

Brusfabrikk endre

Produksjonen av syltetøy vart avvikla i 1990. 22. juni 1991 var fabrikken ferdig ombygd til brusfabrikk. Denne var i si tid verdas mest moderne, og var ein viktig pioner i arbeidet med å ta i bruk returflasker av plast. Produksjonen var på 30 000 liter juice og nektar og 70 000 liter brus per skift. Lerum dreiv leigeproduksjon av Pepsi og 7Up. Produksjonen på Hermansverk vart avvikla i 1998 etter at Pepsi sa opp avtalen med Lerum. I 2008 vart fabrikken bygd om til fleirbrukshall.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre