Lerum Fabrikker eller Lerum Konserves er eit norsk familiekonsern som produserer hushaldingsprodukt. Det er delt inn i to selskap: Lerum Fabrikker AS og Lerum Konserves AS. Konsernet rår over tre fabrikkar på Kaupanger, i Sogndal og i Lærdal. Mest kjend er verksemda for å produsere saft, som var det første Lerum produserte for sal. Lerum er den største produsenten av ekte saft i Noreg.

Lerum Fabrikker


Lerum syltetøyfabrikk i Sogndal. Sjå dette på Wikidata
Org.formAksjeselskap
Org.nr.883423402
Skipa1907
DotterselskapLerum Fabrikker, Lerum Konserves, Polytech Emballasje
HovudkontorSogndal kommune
LandNoreg
Nettstadhttps://lerum.no (norsk)

Lerum starta opp som ein liten landhandel, driven av Kari og Nils H. Lerum i Luster kommune. Den her landhandelen har i dag vorte gjort om til eit industri- og handelsmuseum. Fabrikkane har hatt stor innflytnad på lokalsamfunna der dei har vorte etablert. Supportarlaget til Sogndal Fotball kallar seg Saftkokaradn (Saftkokarane), noko som viser at Lerum sin saftfabrikk er ein viktig hjørnestein i lokalsamfunnet.

Lerum Fabrikker produserer den norske Max Havelaar-appelsinjuicen.

Historie endre

Verksemda vart først starta opp i 1905 som ein liten landhandel i kjellaren til Kari og Nils H. Lerum i Luster kommune. Her vart dei eit mellomstopp for bær som den lokale folkesetnaden skulle sende til Bergen.

I 1909 bygde dei eit lite hus i den veglause bygda Sørheim for å presse bær til saft for sal. I følgje soga fekk dei idéen allereie i 1907, då nokre stampar med bær ikkje hadde fått plass på båten, og Kari Lerum hadde funne det for godt å presse saft av dei. I 1919 vart produksjonen utvida og flytta frå Sørheim til Sogndal, der det var stor råvaretilgang frå dei mange lokale bøndene.

I 1982 kjøpte Lerum ein fabrikk på Hermansverk frå det konkursråka Bergens & Drægni Produkter AS (tidlegare AS Halvard Drægni). Her vart det laga syltetøy, og seinare brus og juice, fram til produksjonen vart nedlagd i desember 1998, då konsernet hadde bygt opp eit nytt anlegg på Kaupanger og utvida fabrikken i Sogndal.

I 2006 vart verksemda den første vinnaren av Nynorsk næringslivspris

I 2015 vart Lerum tildelt Storegutprisen

Bakgrunnsstoff endre