Henning Rivedal

norsk journalist

Henning Leiv Rivedal (fødd 31. august 1944 i Rivedal) er ein forfattar, journalist og kulturpersonlegdom busett på Hermansverk. Han er sentral i Leikanger Mannskor sin årlege Palmerevy og er leiar i Leikanger Mållag. Rivedal var fjernsynsmann i 60- og 70-åra, og er kjend frå Barne-TV og sportssendingar i NRK. I 1979 vart han tildelt Kringkastingsprisen. Han var redaktør i det lokalhistoriske tidsskriftet Systrendingen frå starten i 1993 til 2011.

Henning Rivedal

Fotograf: Maria Olivia Rivedal.
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. august 1944 (79 år)
Rivedal
Yrke journalist, skribent
Språk norsk

Henning Rivedal gjekk på Firda GymnasSandane frå 1962 til 1965. Rivedal blei landskjent då han i lag med Bergljot Engeset leia dei første episodane av Barne-TV-programmet Lekestue (1971).[1]

Rivedal var programsekretær i Sportsrevyen i NRK, der han i 1972 vart den første som leia sendingene på nynorsk.[2] Han arbeidde i NRK sentralt og på distriktskontoret for NRK Sogn og Fjordane (1971-83), var kultursjef i Naustdal kommune og skodespelar ved Sogn og Fjordane Teater (blant anna som Olav Haraldson i Bømlo-spelet, 1986), frilansjournalist og informasjonssjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune frå 2001 til 2011.[3]

Henning Rivedal har skreve fleire bøker og artiklar innan lokalhistorie, mattradisjonar og sport. Han var også redaktør i Årboka : Sogn og Fjordane i perioden 1993-2008.

Rivedal hoppa 7,10 i lengdehopp (Byrkjelo, 11. juli 1970) for Askvoll og har ei god plassering på adelskalendaren.

Bibliografi endre

Bøker endre

  • 1979 – Gull i sporet : tankar og samtalar om idrett (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
  • 1993-2008 – Årboka : Sogn og Fjordane (Holmedal: Alden forlag)  [Redaktørar: Henning Rivedal og Atle Hellevik]
  • 1994 – Album (Holmedal: Alden forlag) I fulltekst ved nb.no  [Forfattarar: Henning Rivedal og Atle Hellevik]
  • 1994 – Sunnfjord energiverk : 80 år : jubileumsskrift (Førde: Sunnfjord energiverk) I fulltekst ved nb.no  [Redaktør: Henning Rivedal]
  • 1997 – 90 år med Lerum : 1907-1997 (Sogndal: Lerum)
  • 1998 – Sognefjorden (Leikanger: Skald forlag) I fulltekst ved nb.no  [Henning Rivedal (tekst), Leiv Bergum (foto), Jan Talsethagen (omsetjar)]
  • 1998 – "Hjelp oss å hjelpe" : Sogn og Fjordane røde kors i 50 år (Førde: Sogn og Fjordane Røde Kors) I fulltekst ved nb.no
  • 1999 – I matens rike : ei eksempelsamling med gode døme på små matprodusentar og verksemda deira (Oslo: Kommunal- og regionaldepartementet) I fulltekst ved nb.no
  • 1999 – Dalsfjordboka : frå Gaularfjellet til Bulandet (Leikanger: Skald forlag). ISBN 82-7959-007-2 I fulltekst ved nb.no  [Av: Henning Rivedal, Gaute Losnegård, Rolf Losnegård]
  • 2000 – Sogn og Fjordane fylkeskommune døgnet rundt (Leikanger: Sogn og Fjordane fylkeskommune)  [Av: Henning Rivedal, Knut Henning Grepstad]
  • 2000 – Ung i distrikts-Noreg: Korleis få til noko lokalt? : rapport frå ungdomskonferanse på Rica hotell, Værnes, 6.-8. oktober 2000 (Oslo: Kommunal- og regionaldepartementet) I fulltekst ved nb.no
  • 2007 – Lerum i 100 år : 1907-2007 (Sogndal: Lerum)
  • 2007 – Sogndal : portrett av ein tettstad (Leikanger: Skald forlag)  [Av: Henning Rivedal (tekst), Leiv Bergum (foto)]
  • 2009 – Frå tanntrekking til folketannrøkt : 50 år med tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane (Leikanger: Sogn og Fjordane fylkeskommune)
  • 2011 – Gamalost (Leikanger: Skald forlag)  [Av: Henning Rivedal, Kjerstin Risnes]
  • 2013 – Med helsing frå Sogn og Fjordane (Leikanger: Skald forlag)  [Av: Henning Rivedal (tekst), Leiv Bergum (foto)]
  • 2018 – Sunnfjords diamant : Sunnfjord hotell 1968-2018 (Førde: Selja forlag). ISBN 978-82-8240-134-0

I bøker - eit utval endre

  • 2007 – Godnattboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald forlag)  [Av innhaldet: Grautsnasken / Henning Rivedal, s. 28-35]
  • 2009 – Eventyrboka (Leikanger: Skald forlag)  [Av innhaldet: Den reine Overfloda / Henning Rivedal, side 160-167]

I tidsskrift - eit utval endre

Utmerkingar endre

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Lekestue - Christins mimreside - Barne-TV
  2. Ivar Aasen-tunet, [2000]
  3. Losnegård, 2013

Bakgrunnsstoff endre