Hamar–Grundsetbanen
Hamar–Grundsetbanen vart vedtatt av Stortinget den 3. september 1857 saman med Kongsvingerbanen og Trondhjem–Størenbanen som Noregs første statsbanar. Vedtaket i 1857 gjaldt rettnok berre strekninga Hamar-Elverum og med endestasjon på Glommas austre breidd i Elverum. Den 7. oktober 1859 vedtok Stortinget at banen istaden skulle halde fram langs vestre breidd av Glomma opp til Grundset, ca. 6 km nord for Elverum. Banen vart bygd smalspora (1067 mm sporvidde) og vart opna 23. juni 1862.[1]

Elverums første stasjonsbygning, ca. 1870. Heile stasjonen vart flytta og endra i 1910-13 då Solørbanen vart forlenga til Elverum, og ei ny stasjonsbygning stod oppført.
Grundsetbanen er den sørlegaste delen av Rørosbanen. Alt i 1871 vart Grundset-Aamotbanen bygd. Stasjonsbygningen på Grundset vart samstundes flytta til den nye endestasjonen på Rena.[2]
ReferansarEndra
- Denne artikkelen bygger på «Hamar-Grundsetbanen» frå Wikipedia på bokmål, den 13. mai 2013.
LitteraturEndra
- Bjerke, Thor og Holom, Finn m.fl (2004). Banedata 2004. Norsk Jernbanemuseum & Norsk Jernbaneklubb. ISBN 82-90286-28-7.
BakgrunnsstoffEndra
- Digitalt fortalt: «Ralph King, den engelske "keiser'n på Grundsetbanen"» (skive av Bjørg Eva Aasen, Norsk Jernbanemuseum)