Kongsvingerbanen
Kongsvingerbanen er ein jernbane mellom Lillestrøm og Kongsvinger og vidare til svenskegrensa, der banen er knytt til Värmlandsbanan. Banen vart opna 3. oktober 1862 og elektrifisert i 1951. Strekninga frå Kongsvinger til grensa blir ofte omtalt som Grensebanen.
Kongsvingerbanen | |
Kongsvinger stasjon | |
Info | |
Type | Jernbane |
System | Éinspora elektrifisert bane |
Status | I drift |
Utgangsstasjon | Lillestrøm stasjon |
Endestasjon | Charlottenberg stasjon |
Tal på stasjonar | 17 (13 med persontrafikk) |
Drift | |
Opna | 1862 |
Eigar | Bane NOR |
Operatør(ar) | Vy, SJ AB, Värmlandstrafik, CargoNet, Hector Rail |
Type trafikk | Person, Gods |
Loktypar | Di. 6, Di. 8, TMY, TMZ og BR 941 |
Teknisk | |
Sporvidde | 1 435 mm (normalspor) |
Lengde | 114,7 km (til riksgrensa) |
Største stigning | ø 5 ‰ (Sørumsand–Seterstøa) maks 13 ‰ (km 59,067 ved Årnes) |
Bruer | 62 |
Tunnelar | ingen |
Planovergangar | 70 |
Banen er den eldste offentlege jernbanen i Noreg som var bygd med normalspor. Hovudbanen vart bygd med normalspor, men denne var ein privatbane fram til 1926.
Modernisering
endreKongsvingerbanen gjennomgår ei omfattande modernisering. I 2019 blir Sørumsand stasjon bygd om.[1] Fram til 2021 blir det elektriske anlegget fornya.[2]
Tilknytting
endreSolørbanen er knytt til Kongsvingerbanen på Kongsvinger stasjon. Ved Sørumsand stasjon er det overgang til museumsbanen Urskog-Hølandsbanen. Ved Lillestrøm stasjon er Kongsvingerbanen knytt til Hovudbanen. Tidlegare tok Vestmarkabanen ved Skotterud stasjon.
Linjekart
endreGalleri
endre-
Lillestrøm stasjon.
-
Seterstøa stasjon.
-
Disenå stasjon.
-
Skarnes stasjon.
-
Galterud stasjon.
-
Skotterud stasjon.
-
Magnor stasjon.
Kjelder
endre- ↑ https://www.banenor.no/Prosjekter/prosjekter/sorumsand-stasjon/ Arkivert 2018-03-20 ved Wayback Machine. Sørumsand stasjon
- ↑ https://www.banenor.no/Prosjekter/prosjekter/nytt-kontaktledningsanlegg-kongsvingerbanen/innhold/2019/slik-gar-arbeidene-framover/ Arkivert 2020-09-20 ved Wayback Machine. Kongsvingerbanen får ny kjøreledning
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |