Hammerfest lufthamn
Hammerfest lufthamn er ei sivil, regional lufthamn i Hammerfest kommune i Finnmark.
Hammerfest lufthamn | |||
| |||
IATA | HFT | ||
---|---|---|---|
ICAO | ENHF | ||
Flyplasstype | Sivil | ||
Eigar | Avinor | ||
Operatør | Avinor | ||
Tener | Hammerfest | ||
Stad | Hammerfest kommune, Finnmark | ||
Opna | 1974 | ||
Høgd | 80 meter | ||
Koordinatar | 70°40′47″N 23°40′7″E | ||
Nettstad | http://www.avinor.no/en/airport/hammerfest |
Lufthamna ligg om lag 4 kilometer nord-nordvest for Hammerfest by og er eigd og driven av Avinor AS. Lufthamna opna 30. juli 1974, som ei av fem lufthamner i Finnmark. Seinare vart Valan lufthamn ved Honningsvåg, Svartnes lufthamn ved Vardø, og Hasvik lufthamn oppretta. Det reiser kring 123 000 passasjerar gjennom Hammerfest årleg (2011). Dette gjer Hammerfest til den tredje største lufthamna i Finnmark etter tal på passasjerar, og ein av dei største regionale flyplassane i Noreg.
Flyselskap og destinasjonar
endreInnland
endreFlyselskap | Destinasjonar | |
---|---|---|
Noreg | Bristow Norway | 2 ulike offshoreanlegg[1] |
Noreg | Widerøe[2] | Alta, Berlevåg, Hasvik, Honningsvåg, Mehamn, Sørkjosen, Tromsø, Vadsø |
Kjelder
endre«Hammerfest lufthavn, Hammerfest» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Hammerfest lufthavn» frå Wikipedia på bokmål, den 21. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Aker Barents, Transocean Barents
- ↑ WF.no: Rutekart