Berlevåg lufthamn

Berlevåg lufthamn er ei sivil, regional lufthamn i Berlevåg kommune i Finnmark.

Berlevåg lufthamn

IATABVG
ICAOENBV
FlyplasstypeSivil
EigarAvinor
OperatørAvinor
TenerBerlevåg
StadBerlevåg kommune, Finnmark
Opna1970 Sjå dette på Wikidata
Høgd13 meter Sjå dette på Wikidata
Koordinatar70°52′17″N 29°2′3″E Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttp://www.avinor.no/en/airport/berlevag Sjå dette på Wikidata

Lufthamna ligg om lag 3,5 kilometer vest-nordvest for Berlevåg sentrum og er eigd og driven av Avinor AS. Den vart etablert av tyskarane hausten 1943, og jagarfly vart stasjonerte her for å verne dei tyske transportane over Austhavet. Flyplassen vart øydelagt då dei tyske styrkane trekte seg tilbake. Etter kvart vart den sett i stand att på privat initiativ, og i 1970 kunne A/S Varangfly, og seinare Norving ta flyplassen i bruk til taxi- og ambulanseflyging.

I 1974 vart flyplassen oppgradert til regional lufthamn av Staten. Den er i dag tent av Widerøe, med to daglege avgangar til Båtsfjord, Vadsø, og Kirkenes, og ein dagleg avgang til Hammerfest og Tromsø. Frå Kirkenes og Tromsø er det korresponderande avgangar til resten av landet med SAS og Widerøe.

Flyselskap og destinasjonar endre

Innland endre

Flyselskap Destinasjonar
  Noreg Widerøe[1] Båtsfjord, Hammerfest, Kirkenes, Mehamn, Tromsø, Vadsø, Vardø

Kjelder endre

«Berlevåg lufthavn, Berlevåg» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre