Hamnespy

art av sekkdyr
Hamnespy
Hamnespy
Hamnespy
Status
Status i Noreg: Framandart med svært høg risiko
Systematikk
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Kappedyr Tunicata
Klasse: Sekkdyr Ascidiacea
Underorden: Aplousobranchia
Familie: Didemnidae
Slekt: Skorpesekkdyr Didemnum
Art: Hamnespy D. vexillum
Vitskapleg namn
Didemnum vexillum

Hamnespy (Didemnum vexillum), og kalla japansk sjøpung, er ein art sjøpung som naturleg høyrer heime i Japan. Arten har spreidd seg til europeiske farvatn. Han vart første gong påvist i Noreg i 2020 i Engøysundet i Stavanger. Etter det har arten spreidd seg nordover langs Vestlandskysten. Vinteren 2023 vart han påvist så langt nord som i Måløy.[1]

Koloniar av hamnespy, som spreier seg raskt, kveler alt liv på havbotnrn. Difor vert arten karakterisert som ein framand art med høg risiko i Noreg. Spreiinga skjer ved larvar, eller at små bitar av kolonien dett av og lager nye i nærleiken.

Arten kan etablere seg på kunstige overflater som bryggjer, blåser, fortøyingar og båtskrog. At han kan spreie seg på båtar, gjer det vanskeleg å stogge spreiinga.

Arten gyt i tidsromet april-desember, helst når det er 11–14 grader i vatnet

Hausten 2023 vart det sett i gong forsøk med å drepe hamnespy med brent kalk.[2]

Kjelder endre

Fotnotar
  1. «Havnespy (Didemnum vexillum)». Norsk institutt for naturforskning. Henta 26. april 2023. 
  2. «Tester nye metoder for å drepe havnespy». HAVFORSKNINGSINSTITUTTET. 26. oktober 2023. Henta 2. november 2023. 

Bakgrunnsstoff endre