Hamnsund kyrkje er ei langkyrkje frå 1875 i Ålesund kommune i Møre og Romsdal fylke. Byggverket er i tre, har 350 sitjeplassar og galleri.[2]

Hamnsund kyrkje
Hamnsund kirke
Foto: Henny Stokseth
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Ålesund
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Nordre Sunnmøre
Sokn Hamnsund
Fellesråd Haram
Stad Haram kommune i Møre og Romsdal
Arkitekt Hagbart Brinchmann
Byggmeister Knut L. Stokkeland
Material Tre
Innvigd 11. november 1875/24. februar 1957 [1]
Altartavle Kopi av Bertel Thorvaldsens Kristus
Sitjeplassar 350
Kart
Hamnsund kyrkje
62°31′55″N 6°16′08″E / 62.532°N 6.2689°E / 62.532; 6.2689
Wikimedia Commons: Hamnsund kirke

Historie endre

Bebuarane i dei grendene i Borgund sokn som låg nord om Grytafjorden, hadde to, ofte verharde fjordar, å krysse for å kome seg til kyrkje. Vatne kyrkje vart reist i 1868. Dei gardane langs Grytafjorden som låg nærast denne kyrkja, søkte i 1869 om å verte overflytta dit. Dei fekk avslag, men i 1870 vart det vedteke at det skulle byggast eit kapell i Hamnsund.[1]

Kyrkja endre

Arkitekt for kyrkja var byingeniør Hagbart Brinchmann Ålesund. Byggmeister var Knut Stokkeland, Vestnes.[3]

Ein kristusstatue på altaret er ein kopi av Bertel Thorvaldsens Kristus som står i Vor Frue kyrkje i København.[3]

Kyrkja har ein døypefont i tre og orgel frå Vestre orgel- og pianofabrikk.[2]

I 1957 vart kyrkja påbygd og utvida.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Øystein Ekroll og Per Eide: Sunnmørskyrkjene - historie, kunst og arkitektur, Bla AS, Larsnes 2012 side 363, ISBN 978-8293273-00-4
  2. 2,0 2,1 Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Hamnsund kirke, Grytestranda». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 297. ISBN 82-75-27022-7.  Alf Henry Rasmussen (red.): Våre kirker - norsk kirkeleksikon, Vanebo forlag 1993, side 297, ISBN 82-75-27022-7
  3. 3,0 3,1 3,2 «Hamsund kyrkje», Haram kyrkjelyd, 2021, henta 27. september 2021 

Bakgrunnsstoff endre