Handball-NM 2002/03 for kvinner
Noregsmeisterskapen i handball 2002/03 for kvinner vart vunnen av Larvik Håndballklubb etter finalesiger 29 – 15 over Nordstrand Idrettsforening frå Oslo.
Semifinalane
endre- Nordstrand IF – IL Bjørnar 30 – 18
- Larvik HK – Byåsen IL 39 – 21
Finalen
endreFinalen vart avvikla i Oslo Spektrum laurdag 29. mars 2003 framfor 5 389 tilskodarar. Larvik tok styringa frå start og leia heile 18–9 ved pause. Sigeren var aldri truga i den andre omgangen og ved sluttsignalet stod det 29 mål mot 15 på resultat-tavla.
Larviks fremste målskyttar var Katja Nyberg med 5 nettkjenningar. Kari Mette Johansen og Heidi Flaatnes skåra begge kvar sine 4 mål, medan Tine Kristiansen, Lina Olsson Rosenberg og Birgitte Sættem alle fann vegen til nettmauskane 3 gongar. Tonje Larsen, Sara Breistøl, Monica Meland skåra alle 2 mål og Inger Sofie Heieraas eitt einaste. Målvakter var Mimi Kopperud Slevigen og Lene Rantala.
Unni Hinkel vart toppskårar for Nordstrand med 5 mål. Monica Sandve, Randi Gustad og Beate Aarstad skåra alle saman 2 mål, medan Anette Hovind Johansen, Erika Polozova, Kine Kristiansen og Cecilie Thorsteinsen kom på skåringslista ein gong kvar.
Dommarane Kenneth Abrahamsen og Arne M. Kristiansen straffa Nordstrand med fire 2-minuttutvisingar og Larvik med to.