Handball-NM 2013/Kvinner

Noregsmeisterskap i handball

Noregsmeisterskapen i handball 2013 for kvinner vart vunnen av Larvik Håndballklubb etter finalesiger 29 – 21 over Tertnes Idrettslag.

Semifinalar endre

Finalen endre

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum dag 30. desember. Storfavoritten Larvik tok kommando og leia 16 – 9 ved pause. Etter ein andre omgang utan spenning auka Larvik sigersmarginen til åtte mål, og kapteinen take imot Larviks sjette strake kongepokal.

Larviks fremste målskårarar var Linn Sulland med 8 og Tine Stange med 7 nettkjenningar. Elles skåra Nora Mørk 3 mål, Anja Edin 2, Gro Hammerseng 2, Linn-Kristin Riegelhuth Koren 2, Jeanett Kristiansen 2, Isabel Blanco 1, Karoline Breivang 1, Lise Løke 1.

Tertnes sine toppskårarar, Stine Skogrand og Tonje Løseth, fann begge vegen til nettmauskane 5 gongar. Dei resterande mål kom frå Maren Lied 4, Linn Gossé 3, Marie Liljegren 2, Stine Lund Andreassen 2.

Dommarane straffa Larvik med fire 2-minuttsutvisingar, Tertnes måtte tole fem 2-minuttarar og eitt raudt kort.

Kjelder endre