Handball-NM 2018/Kvinner

Noregsmeisterskap i handball

Noregsmeisterskapen i handball 2018 for kvinner vart vunnen av Idrettsklubben Våg, som stilte under klengenamnet Vipers, etter finalesiger 31 – 25 over Storhamar Idrettslag.

Kvartfinalane

endre
  • Byåsen IL – Storhamar IL 25 – 28
  • Sola HK – Oppsal IF 31 – 21
  • IK Våg – Fana IL 42 – 32
  • Molde HK – Fredrikstad BK 20 – 23

Semifinalane

endre
  • Sola HK - IK Våg 26 – 31
  • Storhamar IF – Fredrikstad BK 29 – 21

Finalen

endre

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum laurdag 29. desember framfor 5 127 tilskodarar. Storhamar leia 6 – 4 og fylgde storfavoritten Vipers til 9 – 9. Deretter skåra Vipers fem strake mål og leia 14 – 9 ved pause. I den andre omgangen reduserte Storhamar til 16 – 17. Så kom ei god periode for Vipers som gjekk opp i åttemålsleiing på 28 – 20. Sidan kontrollerte Vipers inn til siger 31 – 25 og lagets andre strake kongepokal.

For Vipers skåra Jeanett Kristiansen 5, Hanna Yttereng 5, Henny Reistad 4, Silje Waade 4, Karoline Olsen 3, Vilde Jonassen 3, Linn Sulland 3, Emilie Hegh Arntzen 2, Marta Tomac 2. Katrine Lunde vakta målet.

Storhamar sine skåringar kom frå Betina Riegelhuth 7, Tonje Enkerud 5, Kristin Venn 3, Else Skinnehaugen 3, Heidi Løke 2, Guro Nestaker 2, Gabriella Juhasz 1, Malene Aambakk 1, Mia Svele 1.

Dommarane straffa Vipers med fire 2-minuttsutvisingar og eitt raudt kort, Storhamar fekk ein 2-minuttar.

Kjelder

endre

Dagsavisen 31. desember 2018