Handball-VM 1997 for menn

Verdsmeisterskapen i handball 1997 for menn vart avvikla dagane frå 17. mai til 1. juni i Japan. Til saman 24 land deltok i turneringa. Etter gruppespel fylgde utslagsspel med åttedels-finalar, kvartfinalar, semifinalar, finale og plasseringsspel om plassane tre til åtte. Russland vann VM-pokalen gjennom siger 23–21 over Sverige. Frankrike sikra seg bronseplassen gjennom å vinne 28–27 mot Ungarn. Det norske laget enda på 12. plassen.

VM-finalen

endre

Finalen i meisterskapen fann stad i Kumamoto med 11 100 tilskodarar. Russland leia 11–10 ved pause. Sigra til sist med siffera 23–21.

Russlands mål kom frå Valerij Gopin (5), Vasilij Kudinov, Oleg Kuletsjov, Lev Voronin, Sergej Pogorelov (4, alle), Igor Lavrov, Dmitrij Torgovanov (1, begge). Andrej Lavrov var målvakt.

Sveriges Magnus Wislander vart kampens toppskårar med sine 6 nettkjenningar. Elles skåra Stefan Lövgren 5, Staffan Olsson 3, Magnus Andersson, Pierre Thorsson, Thomas Sivertsson, Martin Frändesjö (1). Målvakta Mats Olsson var kåra til meisterskapens beste burvaktar.

Kjelder

endre