Handball-VM 1999 for menn

Verdsmeisterskapen i handball 1999 for menn vart avvikla dagane frå 1. juni til 15. juni i Egypt. Til saman 24 land deltok i turneringa. Etter gruppespel fylgde utslagsspel med åttedels-finalar, kvartfinalar, semifinalar, finale og plasseringsspel om plassane tre til åtte. Sverige vann VM-pokalen gjennom finalesiger 25–24 over Russland. Serbia-Montenegro slo Spania 27–24 i kampen om bronseplassen. Noregs lag rauk ut or turneringa i åttedels-finalen mot Spania.

VM-finalen

endre

23 000 tilskodarar såg finalen i Kairo. Russland førte kampen i den fyrste omgangen og var oppe i 10–6 etter 20 minutts spel. Ved pause stod det 14–12 på måltavla. I løpet av dei ti fyrste minutta av andre omgang snudde Sverige til leiing 17–16. Svenskane auka til 22–18 før russarane knappa inn forspranget, utan å kome likt. Sverige vann til sist 25–24 og revansjerte finaletapet frå den førre verdsmeisterskapen.

Svenske Stefan Lövgren stod for 7 fulltreffarar og vart toppskårar i finalen. Elles netta Pierre Thorsson 6 gongar, Lubomir Vranjes 5, Magnus Wislander 2, Staffan Olsson 2, Thomas Sivertsson 2 og Johan Petersson 1 gong(ar). Magnus Andersson og Martin Frändesjö kom ikkje på skåringslista. Målvakt: Peter Gentzel.

Russland sine mål kom frå Aleksandr Tutsjkin 6, Igor Lavrov 5, Dmitrij Filippov 4, Dmitrij Torgovanov 3, Vasilij Kudinov 2, Denis Krivosjlikov 2, Vjatsjeslav Gorpisjin 1, Sergej Pogorelov 1. Andrej Lavrov var målvakt.

Dei tyske dommarane straffa Sverige med tre 2-minuttsutvisingar og Russland med to.

Kjelder

endre