Handelshøyskolen BI
Handelshøyskolen BI (vanlegvis berre «BI» i daglegtale; engelsk BI Norwegian Business School) er den neste største handelshøgskulen i Europa. Skulen er organisert som ei stifting (sjølveigande institusjon) og har status som vitskapleg høgskole, det vil seie at skulen er å rekne som eit universitet innanfor sitt avgrensa fagområde. Skulen har nært samarbeid med Fudanuniversitetet i Shanghai.
Handelshøyskolen BI | |||
| |||
Grunnlagt | 1943 | ||
---|---|---|---|
Stad | Oslo kommune, Trondheim kommune, Stavanger kommune | ||
Studentar | 20 049 | ||
Org.nummer | 971228865 | ||
Nettstad | http://www.bi.no/ | ||
Handelshøyskolen BI 59°56′55″N 10°46′05″E / 59.948611111111°N 10.768055555556°E |
Handelshøyskolen BI held til i Nydalen i Oslo, men har òg regionale studiestader i Bergen, Trondheim og Stavanger.
Soge
endreOpphavet til Handelshøyskolen BI var den private skulen Bedriftsøkonomisk Institutt (BI). Dette var ein skule på kveldstid for folk som elles ynskte å vere i arbeid, skipa 1. juni 1943 som eit aksjeselskap av Finn Øien og partnaren hans, John Rosef. I 1945 vart Bedriftsøkonomisk Institutt utvida til seks avdelingar: Kurs, konsulentavdeling (rasjonalisering), rekneskap og revisjon, BIs indeks, trykkeri og forvaltning av bygningar. Året etter vart Kontorledelse I og II lansert som det fyrste toårige heildagsstudiet ved skulen. Studentane som tok dette studiet, fekk i 1954 godkjenning som låntakarar hjå Statens lånekasse for utdanning. I 1968 vart studiet utvida til treårig med namnet diplomøkonomstudiet, og året etter vart Bedriftsøkonomisk Institutt omgjort til ei non-profit stifting, det vil seie at det ikkje vert teke overskott ut or verksemda, og fekk statsstønad.
Handelshøyskolen BI fekk sine fire fyrste professorar i 1983, og i 1985 fekk skulen høve til å nytte tittelen siviløkonom for dei med eksamen herfrå. Dette hadde mykje å seie for Handelshøyskolen BI's akademiske omdømme.
Galleri
endreNydalen
endre-
Bygningen til Handelshøyskolen BI i Nydalen i Oslo vart teke i bruk i 2005.
-
Hovudaksen i midtpartiet av bygningen i Nydalen.
-
Interiør, bygningen i Nydalen.
Kjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2023) |