Hanna Knjazjeva-Minenko

Anna Viktorivna Knjazjeva (fødd 25. september 1989) er ein ukrainsk friidrettsutøvar frå Perejaslav-Khmelnytskyj som sidan 2013 representerer Israel under konenamnet Hanna Knjazjeva-Minenko. Ho vann sølvmedaljen i tresteghopp under verdsmeisterskapen 2015 og i europameisterskapen 2016, samt bronsemedalje ved europameisterskapen 2022.

Hanna Knjazjeva-Minenko


Statsborgarskap Israel, Ukraina
Fødd 25. september 1989 (35 år)
Perejaslav
Idrett friidrett
Tok del i VM i friidrett 2013, VM i friidrett 2015, VM i friidrett innendørs 2012, EM i friidrett innendørs 2015, Friidrett under Sommar-OL 2012 – Tresteg damer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Tresteg kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Tresteg kvinner

Aktiv

endre

Knjazjeva tevla for fødelandet Ukraina då ho under Sommar-OL 2012 enda på fjerdeplassen i tresteghopp med 14,56 meter.

I 2013 gifte og busette ho seg i Israel. Same året vart ho nummer seks i tresteg-tevlinga då VM fann stad i Moskva. Ved den israelske friidrettsmeisterskapen 2014 vann Knjazjeva-Minenko gullmedaljen i lengdehopp på ny israelsk og personleg rekord med 6,52 meter.

Under verdsmeisterskapen 2015 i Beijing i august gjorde ho sitt livs lengste tresteghopp, hoppet målte 14,78 meter og var akkurat nok til å vise Olga Rypakova til bronseplass. OL-sesongen 2016 sikra Knjazjeva-Minenko seg sølvmedaljen også i europameisterskapen, sju cm bakom gullvinnaren. I dei neste store meisterskapane lukkast ikkje ho kome på sigerspallen, etter som ho vart nummer fem i OL 2016, fire i VM 2017 og fem i EM 2018.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

endre

Bakgrunnsstoff

endre