Patrícia Mbengani Bravo Mamona (fødd 21. november 1988) er ein portugisisk friidrettsutøvar frå Lisboa som i 2016 vart europameister i tresteghopp, tidlegare vann ho bronsemedaljen i same øvinga ved europameisterskapen 2012. Under dei olympiske sommarleikane 2021 var ho i sitt livs form, presterte personbeste med eit hopp på 15,01 meter og vann sølvmedaljen i tresteg-øvinga.

Patrícia Mamona


Statsborgarskap Portugal
Fødd 21. november 1988 (35 år)
Lisboa
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2016, Sommar-OL 2020, Friidrett under Sommar-OL 2012 – Tresteg damer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Tresteg kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Tresteg kvinner

Utmerkingar

kommandør av Fortjenstordenen

Aktiv endre

Mamona sette portugisisk rekord med 14,52 meter og vann sølvmedaljen i EM-finalen 2012. Fire år seinare forbetra ho den nasjonale rekorden til 14,58 m og vart europameister ved meisterskapen i Amsterdam. Seinare same sommaren flytta ho rekorden til 14,65 m i OL-finalen 2016, og kom på sjetteplass. År 2021 var Mamona i sitt livs form. Tidleg i i mars kneip ho fyrsteplassen i hall-VM i polske Toruń. Under OL-finalen i Tokyo 1. august 2021 opna ho med å setje landsrekord på 14,91 m, ein rekord ho i fjerde omgangen forbetra til 15,01 meter. Dermed sikra ho seg OL-sølv i øvinga. Yulimar Rojas frå Venezuela var i heilt eiga klasse og sette verdsrekord med eit hopp på 15,67 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre