Hanna Outakoski
Hanna Maarit Outakoski (fødd 21. januar 1978) er ein samisk språkforskar frå Finland, som arbeider som universitetslektor ved Institutionen för språkstudier ved Umeå universitet.
Hanna Outakoski | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 29. januar 1978 (46 år) |
Yrke | senior lecturer |
Nettstad | https://www.umu.se/en/staff/hanna-outakoski/ |
Forsking
endreOutakoski starta ut som syntaktikar, med arbeid om nordsamisk bindingsteori, eller vilkår for tilhøvet mellom (t.d.) eit refleksivt pronomen og ordet det viser til (Outakoski 2003). Ho har også arbeidd med nordsamiske kausativar (Vinka og Outakoski 2005).
Etterkvart dreidde forskingsinteressa hennar seg først til språklæring, der ho utvikla fjernundervisning med å ta i bruk virtuell realitet (Outakoski 2014), og til forsking på den samiske skriveprosessen og korleis den påverkar både læreprosessen og den samiske skriftkulturen som heilskap. Temaet for doktorgraden hennar var den skriftspråklege utviklinga for fleirspråklege samiske skolebarn (2015). Seinare har ho også utvida dette perspektivet i meir generelle arbeid (2019).
Bibliografi (utval)
endre- Outakoski, Hanna; Lindgren, Eva; Westum, Asbjørg; et al. 2019: Researching writing development to support language maintenance and revitalization: design and methodological challenges. Perspectives on Indigenous writing and literacies, Leiden, Netherlands: Brill Academic Publishers 2019 : 165-185
- Outakoski, Hanna 2015: Multilingual literacy among young learners of North Sámi: contexts, complexity and writing in Sápmi. Studier i språk och litteratur från Umeå universitet, 27. Ph.D.-avhandling.
- Outakoski, Hanna 2014: Teaching an endangered language in virtual reality Keeping languages alive: documentation, pedagogy and revitalization, Cambridge: Cambridge University Press 2014 : 128-139
- Vinka, Mikael; Outakoski, Hanna: 2005 Exceptional causatives in North Sami. Proceedings from the Annual Meeting of the Chicago Linguistic Society, Chicago Linguistic Society 2005 : 401-414
- Outakoski, Hanna 2003: On Reflexive Binding in North Sami. Nordlyd, Septentrio Academic Publishing 2003, Vol. 31, (4) : 723-739