Hanne Sandstad (fødd i 1970) er ein norsk tidlegare orienteringsløpar frå Selbu i Nord-Trøndelag. Ho vart noregsmeister seks gongar, tre år på rad i klassisk løype og tre gongar på langdistansen. I 1997 var ho med om å vinne VM-gull i stafett for Noreg, dessutan vann ho fire NM-gull i stafett med NTHI og Bækkelaget SK.

Hanne Sandstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1970 (54 år)
Idrett orientering

Aktiv endre

I tida 1991-99 sanka Sandstad årleg frå ein til fire medaljar i norske meisterskap i orientering. Ho vann stafettgull med NTHI i 1992. Åra 1995 og 1996 vart ho noregsmeister både på klassisk-distansen og langdistansen. I 1997 sikra ho seg sin tredje strake NM-tittel i klassisk løype. Hausten 1999 vann ho gullmedaljen i NM på langdistansen, gull i stafett og sølv på klassisk- og kortdistansen. Samla medaljefangst i NM perioden 1991-99 vart 10 gull, 7 sølv og 4 bronsar. Ho vart tildelt kongepokalen i 1995 og 1997.

Sandstad debuterte i VM i orientering i 1991. Saman med Heidi Arnesen, Ragnhild Bratberg og Ragnhild Bente Andersen vann ho sølvmedalje for Noreg på stafetten. Fire år seinare stod ho med sin sjetteplass i klassisk for beste norske prestasjon på kvinnesida. Under verdsmeisterskapen 1997 ved Grimstad plukka Sandstad meg seg tre medaljar. Individuelt vann ho sølv på kortdistansen bak Lucie Böhm frå Austerrike og bronse på klassisk-distansen bakom Hanne Staff og svenske Katarina Borg. Sandstad deltok òg på det norske laget som tok sølv på stafetten. To år etter sprang det norske mannskapet inn til siger i VM-stafetten i Inverness i Skottland, eit lag som bestod av Birgitte Husebye, Elisabeth Ingvaldsen, Sandstad og Hanne Staff.

I nordiske meisterskap lukkast ikkje Sandstad nå toppen i individuelle tevlingar. Ho var derimot med om å vinne stafettsølv i 1992 og 1995, samt stafettbronsen i 1993.

Kjelder endre