Hannu Siitonen (fødd 18. mars 1949) i Parikkala er ein finsk, tidlegare friidrettsutøvar. Han vart europameister i spydkast i 1974, og fekk OL-sølv i 1976.

Hannu Siitonen

Statsborgarskap Finland
Fødd 18. mars 1949 (75 år)
Parikkala
Yrke spydkastar
Høgd 183 centimeter
Hannu Siitonen på Commons

Aktiv endre

Siitonen slo gjennom i 1970-sesongen, med ein personleg rekord på 84,80 m. Han vart finsk meister, noko han også skulle verte dei fire komande åra.

I 1971 forbetra han sin personlege rekord til 88,42 m, noko som gav han tredjeplassen på statistikken over dei beste spydkastarane i verda det året. Han var då mellom favorittane under europameisterskapen 1971 i Helsingfors. Med 83,84 m enda han på fjerdeplass. Også ved dei olympiske sommarleikane 1972 i München var han mellom favortittane. På ny vart det ein fjerdeplass, bronsemedaljøren Bill Schmidt kasta 10 cm lengre i sitt lengstekast.

I 1973 var Siitonen på sitt aller sterkaste, i fem tevlingar landa spydet bortanfor 90 meters-streken. Ved ei tevling i Helsingfors landa spydet på 93,90 m, lengste kastet i verda det året. Også i 1974 stod Siitonen for det lengste kastet i verda. Det kom under europameisterskapen i Roma. Der kasta han spydet 89,58 m og vart suveren meister, over fire meter føre nestemann.

I dei olympiske sommarleikane 1976 i Montreal fekk han sølvmedaljen med eit kast på 87,92 m, langt bak gullvinnaren Miklós Németh som sette ny verdsrekord med 94,58 m i sitt første kast.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Fem gull i finske meisterskap endre

År 1970 1971 1972 1973 1974
Lengde (m) 84,06 85,42 87,66 89,52 88,28

Personlege rekordar og årsbeste endre

År 1970 1971 1972 1973 1974 1975 1976 1977
Lengde (m) 84,80 88,42 88,58 93,90 89,58 90,22 88,82 89,48

Kjelder endre

  • Tysk og finsk wikipedia.
  • Friidrott, aktuelle årgongar. Hälsingborg.