Wolfgang Hanisch
Wolfgang Hanisch (fødd 6. mars 1951) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Großkorbetha i Sachsen-Anhalt som representerte Aust-Tyskland. Han vann i tida 1971-80 fire medaljar i spjutkasting i internasjonale meisterskap.
Wolfgang Hanisch | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 6. mars 1951 (73 år) Großkorbetha |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommer-OL 1980 – Spydkast menn |
Aktiv
endreHanisch sette personleg rekord med 84,38 m sommaren 1971, men det kom svært overraskande at han i august skulle ta bronsemedaljen ved EM i Helsinki med eit kast på 84,22 m. I den neste europameisterskapen, i Roma i 1974, overraska han på ny og vann sølvmedaljen med ny personbeste på 85,46 m, over 4 meter bakom vinnaren, favoritten Hannu Siitonen frå Finland, norske Terje Thorslund tok bronsen.
I 1978 flytta Hanisch den personlege rekorden med fleire meter, fyrst i Halle i mai til 89,06 m. Midt i juni passerte han 90-metersgrensa då han med sine 90,32 m vann eit stemne i Aust-Berlin. Sitt livs lengste kast presterte Hanisch då han vann spjut-tevlinga i Världsspelen i Helsinki den 28. juni. Spjutet hans landa på 91,14 meter, også andremann i tevlinga, norske Bjørn Grimnes gjorde sitt livs lengste kast med 88,32 m[1] . Under EM i Praha to månader seinare vann Hanisch EM-medalje for tredje gong i rad, ein bronsemedalje 16 cm bak Nikolaj Grebnev frå Sovjetunionen og halvannan meter unna vinnarkastet til vesttyske Michael Wessing.
Hanisch vart bestemann i spjutkast då verdscupen for landslag 1979 fann stad i Montreal i Canada, vinnarkastet målte 86,48 meter. Litt lengre kasta han under dei olympiske sommarleikane 1980, 86,72 m heldt til bronse.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endreNotar
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wolfgang Hanisch» frå Wikipedia på tysk, den 2. september 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Wolfgang Hanisch» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2019.