Hans Øysteinson Huglen

Norsk gardbrukar og politikar

Hans Øysteinson Huglen (10. juli 18678. mai 1932) var ein norsk gardbrukar, postopnar og stortingsmann for partiet Venstre.

Hans Øysteinson Huglen
Hans Huglen.jpg
Fødd 10. juli 1867
Død

8. mai 1932 (64 år)

Yrke bonde

Huglen var fødd på Nordhuglo i Stord, der far hans dreiv gard. I yngre år gjekk han folkehøgskule både på Halsnøy og i Strandvik, reiste også som ungdomstalar både på Vestlandet og Austlandet. Han var både fiskar og dreiv handel med sild og anna fisk. År 1895 tok han over garden på Nordhuglo og dreiv den gjennom mellom anna nydyrking fram til eit av dei beste gardsbruka i Stord.

Huglen var medlem av heradsstyret i Stord 1904-10 og 1916-22, i to valperiodar som varaordførar. I 1914 var han med å stifte Sunnhordland Folkehøgskule. Valbolken 1916-18 representerte han einmannskrinsen Ytre Søndhordland og Venstre på Stortinget. I 1919 var han medlem i ei departemental nemnd omkring vidaregåande utdanning for «landsungdommen».

KjelderEndra