Hans Andersen

norsk politikar (1829–1901)

Hans Andersen (3. februar 18296. juli 1901) var ein gardbrukar, kontorist og stortingsmann frå Solum i Telemark. Han var medlem av Venstre.

Hans Andersen
Fødd3. februar 1829
Skien
Død6. juli 1901 (72 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar

Andersen var son til ein gardbrukar i Mælum sokn. Han var sjølv gardbrukar på Gulset i Gjerpen frå 1852 til -60. Tida 1860-98 var han kontorist i firmaet Hans Cappelen. Andersen var medlem av bystyret i Skien i over 25 år, forlikskommissær var han frå 1891.

Andersen møtte på Stortinget 1893-94 for Skien som varamann for avdøde Paul Koht. Perioden 1895-97 var han fast representant frå same krinsen. I 1893 var han medlem av næringskomite nr 2, 1894-97 av sosialkomiteen. 1894 var han også medlem av kontraktørkomiteen.

Andersen var medlem av eit baptistsamfunn, og var truleg den første dissentaren som tok sete i det norske stortinget. Han døydde i Skien i 1901.

KjelderEndra