Arnfinn Bergmann (14. oktober 192813. februar 2011)[1] var ein norsk skihoppar og lærar frå Trondheim. Bergmann vann gullmedaljen i hopprennet under dei olympiske vinterleikane i 1952, føre landsmannen Torbjørn Falkanger. Han er den einaste hopparen som i same sesongen har vunne både olympisk gull, noregsmeisterskapen og Holmenkollrennet. Bergmann var medlem av Sportsklubben Freidig og seinare av Ski- og fotballklubben Lyn i Oslo.

Arnfinn Bergmann

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. oktober 1928
Trondheim
Død

13. februar 2011 (82 år)
Trondheim

Yrke fotballspelar, skihoppar
Arnfinn Bergmann på Commons

Aktiv endre

Bergmann slo gjennom i 1949-sesongen då han kom han tredjeplass under noregsmeisterskapen, ein annan ny storhoppar, Torbjørn Falkanger, vart klar vinnar. Året etter kom han med i den norske VM-troppen, og vann bronsemedaljen under Ski-VM i 1950 i Lake Placid. Landsmannen Hans Bjørnstad sørgde for norsk VM-siger. 1952-sesongen vann han i rekkefølgje NM-gull, OL-gull og hopprennet i Holmenkollen, det siste eit nesten reint norsk stemne. Både under noregsmeisterskapen og i olympiaden viste han Torbjørn Falkanger til sølvplass.

Bergmann vart noregsmeister også i 1953 og 1958. I 1953 vart Arne Ellingsen utropt til meister, men etter finrekning vart Bergmann erklært vinnar med 0,1 poengs forsprang. Sitt tredje og siste NM-gull vann han i ei jamn tevling, Sverre Stenersen og Kjell Kopstad kom på dei andre medaljeplassane. Bergmann fekk bronsemedalje under meisterskapane i 1955, 1957 og 1959.

I 1953 vann han den italienske hoppveka, og i 1955 den sveitsiske hoppveka. Han deltok i den tysk-austerrikske hoppveka 1953/54, der han samanlagt vart nummer fem. I to av renna kom han på pallen, utan å gå heilt til topps.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn endre

  • 1952: Vinnar i Holmenkollen
  • 1953: Nr 8 i Holmenkollen, vinnar av den italienske hoppveka
  • 1954: Nr 2 i Bischofshofen og nr 3 i Innsbruck
  • 1955: Vinnar av den sveitsiske hoppveka
  • 1956: Nr 13 i Holmenkollen
  • 1957: Nr 7 i Holmenkollen
  • 1958: Nr 12 i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Arnfinn Bergmann fekk Holmenkollmedaljen i 1956.

Lærar endre

Bergmann arbeidde om lag 30 år som lærar i Oslo og Bærum, lengst ved Hosletoppen skule, der han var i 25 år. Som pensjonist busette han seg atter i Trondheim. Der var han med i arbeidet med å utvikle skimuseet på Trøndelag Folkemuseum på Sverresborg.

Notar endre

Bakgrunnsstoff endre