Hans Wilhelm Blomberg
(Omdirigert frå Hans Blomberg)
Hans Wilhelm Blomberg (27. september 1906–10. januar 1946) var ein tysk offiser frå Westfalen som var verksam i Noreg under andre verdskrigen.
Hans Wilhelm Blomberg | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 27. september 1906 Rheine |
Død |
10. januar 1946 (39 år) |
Yrke | jurist, Medarbeider i gestapo |
Språk | tysk |
Politisk parti | NSDAP |
Medlem av | SS |
Blomberg var kommandør i Sipo i Kristiansand i 1940, Tromsø 1940–1941, Bergen 1941–1944 og Hamburg 1944–1945. Han var dr. juris, og hadde tittel SS-Obersturmbannführer og Oberregierungsrat. Han vart arrestert i 1945 og stilt for alliert domstol i Oslo i desember 1945, der han vart dømd til døden 13. desember 1945 som ansvarleg for drap på krigsfangar (seks nordmenn og ein brite) frå MTB 345 i Bergen i 1943.
Han vart avretta på Akershus festning i Oslo 10. januar 1946.