Hans Cloos
Hans Cloos (8. november 1885–26. september 1951) var ein viktig tysk geolog og ein av grunnleggjarane av den moderne tektoniske geologien. Han arbeidde mykje i Noreg og den mest kjende læreboka hans, Einführung in die Geologie (1936), inneheld mange døme frå Noreg, spesielt frå Oslofeltet.
Han vart fødd i Magdeburg og fekk doktorgrad i Freiburg i 1910, før han reiste til Indonesia og Namibia fram til den første verdskrigen starta. Under krigen vart dei geologiske kunnskapane hans nytta langs vestfronten.
Etter krigen starta han å studere plutonar og den indre strukturen deira. I 1919 vart han professor ved Universitetet i Breslau. Den yngre broren hans, Ernst Cloos, studerte i Breslau under broren og vart seinare ein kjend geolog han òg.
I 1926 vart Cloos geologiprofessor ved Universitetet i Bonn. Han gjorde fleire reiser til Skandinavia, England og Nord-Amerika, der han gjorde geologiske undersøkingar.
Han var ein pioner innan studiet av steinnedbryting, inkludert granitt-tektonikk. Han nytta skalamodellar for å studere den fysiske teknikken i forkastingar og utforska korleis kontinenta utvikla strukturen sin. Han var òg kjend som ein dyktig musikar og teiknar.
Cloos døydde i Bonn i 1951.
Bibliografi
endre- Der Mechanismus tiefvulkanischer Vorgänge, 1921.
- Gespräch mit der Erde, 1947;
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hans Cloos» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2010.