Namibia er eit land i det sørlege Afrika. Landet grensar til Angola og Zambia i nord, Botswana i aust og til Sør-Afrika i sør.

Republic of Namibia

(norsk: Namibia, namibiske)

Det namibiskee flagget Det namibiskee riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Namibia, Land of the Brave»
Motto Engelsk: Unity, Liberty, Justice
(Eining, fred, rettferd)
Geografisk plassering av Namibia
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Windhoek
Styresett
Republikk
Nangolo Mbumba
Saara Kuugongelwa
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
824 292 km² (33.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
2 484 780 (140.)
3 /km² (196.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Sør-Afrika
21. mars 1990
Nasjonaldag 21. mars
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
24 840 mill. USD (132.)
11 500 USD (105.)
Valuta Namibisk dollar
Tidssone UTC +1
Telefonkode +264
Toppnivådomene .na


Frå 1884 til 1915 var landet kjent som Tysk Sørvest-Afrika. Etter at Sør-Afrika overtok kontrollen, var landet kjent som Sørvest-Afrika til det blei sjølvstendig som Namibia i 1990. Namnet «Namibia» kjem frå ordet «namib», som betyr ‘skjold’ på språket nama, men blir òg forklart med tilvising til Namibørkenen.[1]

Geografi

endre
 
Kart over Namibia
 
Sanddyne i Namibia
 
Utsikt over Windhoek

Det namibiske landskapet består primært av dei sentrale høglanda der det høgaste punktet er Brandberg på 2606 moh. Det sentrale platået går frå nord mot sør og grensar til Namibørkenen og kystslettene hans i vest, Oranjeelva i sør og Kalahariørkenen i aust.

Ei tynn landsstripe i nordaust, kjend som Caprivi-stripa, er den tronge korridoren som blei utforma for at Tyskland skulle få tilgang til Zambezi-elva.

Ved sida av hovudstaden Windhoek sentralt i landet, er hamnene Walvis Bay og Swakopmund andre viktige byar, i tillegg til Oshakati, Grootfontein, Tsumeb og Keetmanshoop.

Klima

endre

Namibia er kanskje eit av dei tørraste landa i verda og har to forskjellige ørkentypar. Temperaturane er likevel ikkje så veldig høge. Store delar av landet ligg på eit høgare platå, som hindrar sommarvarmen i å bli altfor sterk. Vintermorgonane kan vere kalde, medan temperaturen på dagtid vanlegvis går over 15 °C. Ei og anna regnbye kan oppstå om vinteren, men det meste av nedbøren kjem om sommaren i samband med torevêr. Dei gjev derimot sjeldan mykje nedbør. Windhoek som ligg i dette området har ein årleg nedbørsnormal på 362 mm.

Langs kysten har ein ørkenområde, noko som er sjeldan å sjå ved havet. Årsaka til dette er oppvelling av kaldt havvatn i samband med Benguelastraumen, som fører til stabil luft året rundt. Den stabile lufta hindrar at det vert danna regnbyer. Tåke er det derimot mykje av, om lag halvparten av dagane i året, og kystområda får faktisk tildelt meir vatn gjennom tåke enn gjennom nedbør. Tåka kan strekke seg 100 km innover i landet, som kan ha tåke om lag 60 dagar av året. Her kan ein i tillegg få lett yr (kalla moetreën). Temperaturane på kysten går sjeldan under 8 °C eller over 25 °C. Unntaket er når varm vind frå aust strøymer ned mot kysten. Walvis Bay som ligg på kysten her har ein årleg nedbørsnormal på 22 mm.

Historie

endre
 
Hererofolk kring 1910.

Dei tørre områda til Namibia har vore folkesette sidan tidlege tider av sanfolk, damara, namaqua og sidan rundt 1300-talet av innvandrande bantufolk som kom med bantu-ekspansjonen.[2] Regionen var ikkje omfattande utforska av europearar før på 1800-talet, då landet kom under tysk kontroll, bortsett frå Walvis Bay som var under britisk kontroll. Namibia var kjent som Tysk Sørvest-Afrika og var ein av dei tyske koloniane på det afrikanske kontinentet fram til fyrste verdskrigen. På byrjinga av 1900-talet fann folkemordet på herero- og namafolket stad i landet. Det var det fyrste folkemordet på 1900-talet, der 100 000 hererofolk og 10 000 namafolk blei drepne.[3][4][5][6][7][8] Landet har framleis ein tyskspråkleg minoritet.

Sør-Afrika okkuperte kolonien under fyrste verdskrigen og administrerte han som eit mandatterritorium under folkeforbundet til etter andre verdskrigen, då det blei annektert som territorium, utan internasjonal anerkjenning. Namibia blei styrt av Sør-Afrika fram til 1990 under namnet Sørvest-Afrika. Sør-Afrika innførte apartheidsystemet sitt i landet, og i 1966 braut det ut full krig mellom Sør-Afrika på den eine sida og den marxistiske sjølvstenderørsla SWAPO, støtta av Angola og Cuba, på den andre. I 1990 fekk landet sjølvstende. Walvis Bay blei overgjeve til Namibia i 1994.

Regionar

endre

Namibia er delt inn i 13 regionar:

Fakta

endre
  • Naturressursar: Diamant, kopar, uran, gull, bly, tinn, litium, kadmium, sink, vanadin, naturgass, vasskraft, fisk
  • Folkesetnad: Om lag halvparten av folkesetnaden høyrer til ovambo-stammen og 9 % høyrer til kavangos-stammen. Andra stammar er herero, damara, nama, caprivi, buskmenn, bastar og tswana.
  • Folkesetnaden sin gjennomsnittleg levealder: 18,3 år (2002)
  • Folkesetnaden sin gjennomsnittleg levealder: 42,8 år (2003)
  • Spedbarnsdøydelegheit: Nesten 7% (2003)
  • Religion: kristne 80-90 %, tradisjonelle religionar 10-20%
  • Språk: Engelsk, afrikaans, tysk, tradisjonelle språk m.a. oshivambo, herero og nama.
  • Analfabetisme: I 2003 var om lag 15 % av den vaksne folkesetnaden analfabetar

Kjelder

endre
  1. John Everett-Heath: «Namibia» i Concise Dictionary of World Place-Names, Oxford: Oxford University Press, 2005, s. 360.
  2. Belda, Pascal (May 2007). Namibia (på engelsk). MTH Multimedia S.L. ISBN 978-84-935202-1-2. 
  3. Mahmood Mamdani, When Victims Become Killers: Colonialism, Nativism, and the Genocide in Rwanda, Princeton University Press, Princeton, 2001, p. 12
  4. Allan D. Cooper (31. august 2006). «Reparations for the Herero Genocide: Defining the limits of international litigation». Oxford Journals African Affairs. 
  5. «Remembering the Herero Rebellion». Deutsche Welle. 1. november 2004. 
  6. Colonial Genocide and Reparations Claims in the 21st Century: The Socio-Legal Context of Claims under International Law by the Herero against Germany for Genocide in Namibia, 1904-1908 (PSI Reports) by Jeremy Sarkin-Hughes
  7. Empire, Colony, Genocide: Conquest, Occupation and Subaltern Resistance in World History (War and Genocide) (War and Genocide) (War and Genocide) A. Dirk Moses -page 296(From Conquest to Genocide: Colonial Rule in German Southwest Africa and German East Africa. 296, (29). Dominik J. Schaller)
  8. The Imperialist Imagination: German Colonialism and Its Legacy (Social History, Popular Culture, and Politics in Germany) by Sara L. Friedrichsmeyer, Sara Lennox, and Susanne M. Zantop page 87 University of Michigan Press 1999

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Namibia