Hans Heiberg (28. januar 19046. desember 1978) var ein norsk kritikar, forfattar og teatersjef.

Hans Heiberg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. januar 1904
Oslo
Død

6. desember 1978 (74 år)

Yrke lingvist, journalist, skribent, litteraturkritikar, biograf, omsetjar
Medlem av Mot Dag
Far Jacob Vilhelm Rode Heiberg
Hans Heiberg på Commons

Heiberg var utdanna jurist med Cand.jur. frå 1927. I fleire år arbeidde han som utanrikskorrespondent, frå 1931 til 1940 var han litteraturkritikar i Arbeiderbladet og frå 1945 til 1952 arbeidde han som litteratur- og teaterkritikar i Verdens Gang. I VG var han også kulturredaktør. Frå 1952 til 1973 var han sjef for NRK Radioteatret, og frå 1946 til 1965 var han formann i Den norske Forfatterforening der han gjorde eit stort arbeid for å betra forfattarane sine kår. Han var også formann i styret til Riksteateret frå 1949 til 1968.

Heiberg gav ut to skjønnlitterære bøker og skreiv også skodespel og nokre kunstnarbiografiar, mellom anna Ibsenbiografien ...født til kunstner som han vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris for i 1969 og fekk Bokhandlarprisen for i 1968. Boka har kome i mange nyutgåver, seinast i 2003, og ho vart også omsett til svensk og engelsk.

Utmerkingar endre

Bøker endre

  • 1931 Gutten i jacket, roman (Aschehoug, Oslo)
  • 1934 Ta den ring og la den vandre, roman (Aschehoug, Oslo)
  • 1950 Peilinger : artikler om nitten norske skribenter (Aschehoug, Oslo)
  • 1967 ...født til kunstner: et Ibsen-portrett (Aschehoug, Oslo)
  • 1972 Så stort et hjerte : Henrik Wergeland (Aschehoug, Oslo)
  • 1974 Thomas Kingo: Som den gyldne soel frembryder, i utvalg ved Hans Heiberg.

Skodespel endre