Hans Nansen

norsk embedsmann
(Omdirigert frå Hans Leierdahl Nansen)

Hans Leierdahl Nansen (17. september 176415. mai 1821) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Hans Nansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. september 1764
Kyrkjebø
Død

15. mai 1821 (56 år)
Christiania

Yrke politikar, sorenskrivar
Språk norsk
Far Ancher Antoni Nansen
Ektefelle Vendelia Christiane Louise Moller

Nansen var fødd i Vik i Sogn, der far hans var sorenskrivar. Han voks opp i Danmark, vart student i Roskilde i 1784. Deretter vart han i to omgangar, 1789 og 1794, cand. jur.. Perioden 1789-97 var han volontør i rentekammeret. Frå 1797 til 1803 var han birkedommar i Fredriksverk og Halsnæs på Sjælland.

Nansen kom til Noreg i 1809, då han vart sorenskrivar i Gauldal. Fire år seinare fekk han tilsvarande embete for Jæren og Dalane, busette seg då i Eigersund.

I 1814 vart Nansen vald til 1. representant for Stavanger amt til det overordentlege storting. Han var då medlem av Lagtinget, og av komiteen om redigeringa av grunnlova og om Mossekonvensjonen. Nansen var stortingsrepresentant også i 1815-16 og på ny i 1821. På stortinget 1815-16 var han president i Lagtinget og medlem av 17 komitear. Som medlem av Lagtinget var han medlem av riksretten mot Haxthausen. I 1821 var han medlem av 14 komitear.

Han døydde i Kristiania under stortingsopphaldet i 1821. Nansen var farfar til Fridtjof Nansen.

Kjelder

endre