Hans T. Gunheim
Hans Torkildsson Gunheim (31. august 1847–13. juni 1925) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Nes i Telemark. Han var tingmann for partiet Venstre.
Hans T. Gunheim | |||
Fødd | 31. august 1847 Modum kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 13. juni 1925 (77 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Gunheim var son til ein gardbrukar. Han gjekk ut frå Solum lærarskole i 1866 og var i 1867 lærar i Modum og 1868 i heimbygda. Åra 1870-75 var han på ny lærar i Modum, der han frå 1871 dreiv garden Bergan.
Gunheim var medlem av heradsstyret i Modum i om lag 28 år, nokre år som ordførar. Han var også skulestyreformann, medlem av amtsutvalet og valmann. I fleire år var han formann i Buskerud Venstre.
Gunheim var 1. varamann frå Buskerud til Stortinget 1892-94, og møtte heile perioden i staden for Christoffer Jellum. Han var då medlem av kyrkjekomiteen. Valperioden 1898-1900 var han 3. representant frå same amtet, med sete i kyrkjekomiteen.
Sommaren 1925 døydde han på garden sin i Modum.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914