Hans Wille (16. desember 18077. juli 1877) var ein norsk prest og stortingsmann frå Våle i Vestfold. Jakob Wille var far hans. ¨

Hans Wille
Fødd16. desember 1807
Død7. juli 1877 (69 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeprest, politikar
FarJacob Andreas Wille
Alle verv

Wille vart student i 1828 og cand. theol. i 1832. Dei neste åra var han lærar i Trondheim, frå 1837 residerande kapellanVoss. Han var 1844-51 sokneprest i Flesberg, 1851-62 i Sandsvær og frå 1862 i Rygge, eit embete han styrte til han døydde.

Wille var 4. representant frå Buskeruds amtStortinget 1857-58. Han var i 1857 sekretær i gasje- og pensjonskomiteen.

Han døydde på prestegarden i Rygge i 1877.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914