Jakob Wille

norsk politikar

Jakob Andreas Wille (19. august 177715. november 1850) var ein norsk prest og politikar. Hans Jacob Wille var ein eldre halvbror.

Jakob Wille

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. august 1777
Seljord
Død

13. november 1850 (73 år)
Nøtterøy

Yrke prest, politikar
Språk norsk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Jakob Wille på Commons

Wille var fødd i Seljord, der far hans var sokneprest. Han vart student i 1794 og teologisk kandidat i 1798 frå Københavns Universitet. 1802-11 var han residerande kapellan i Våle. I 1811 tok han avskjed frå prestestillinga. Dei neste tre åra dreiv han vidare ein skule for vidarekomne born. Skulen, som han hadde drive frå 1803-04, hadde fått stor søkning. I 1814 vart han utnemnd til sokneprest til Nøtterøy, eit kall han hadde fram til han døydde.

Wille representerte Jarlsberg og Larviks amtStortinget 1836 og omframstortinget 1836-37. Han var medlem av Lagtinget og i 1836 av kyrkjekomiteen. I riksretten mot statsminister Severin Løvenskiold fekk han ikkje sete, då den tiltala skaut han ut.

Wille overtok vervet som ordførar på Nøtterøy i desember 1839. Mellom dei største sakene i Wille si tid som ordførar, var ombygginga av Nøtterøy kyrkje. Steinkyrkja frå 1100-talet vart i 1839 utvida til det doble i løpet av 8-9 månader. Kjøpet av kyrkjeorgel i 1844 var også ei av dei større sakene heradsstyret hadde til handsaming. Wille var ordførar fram til 1847.

Han gav ut eit par lærebøker, begge forklaringar. Dei var nærast reine omarbeidingar av Pontoppidans forklaring til Luthers katekisme.

Wille døydde på Nøtterøy i 1850.

Verk endre

  • Spørgsmaal til Dr. Morten Luthers Catechismus med tilføyede Anmærkninger, 181 s., Christiania 1826
  • En Kort Forklaring over Dr. Morten Luthers Catechismus i Spørgsmaal og Gjensvar, 125 s., Tønsberg 1846

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Bokmålswikipedia

Litteratur endre

  • Berg, Lorens: Nøtterø - en bygdebok, 1922
  • Paulsen, Helge: «Jacob Andreas Hansen Wille, 1777-1850», Njotarøy (årsskrift for Nøtterøy Historielag), 2000