Happiness is a Warm Gun

(Omdirigert frå Happiness Is a Warm Gun)
Happiness Is a Warm Gun
Song av The Beatles
frå albumet The Beatles
Utgjeve 22. november 1968
Innspelt 23–26. september 1968,
EMI Studios, London
Sjanger Progressive rock
Lengd 2:43
Selskap Apple Records
Komponist Lennon/McCartney
Tekstforfattar Lennon/McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent Chris Thomas

«Happiness Is a Warm Gun» er ein song av The Beatles på dobbeltalbumet The Beatles (òg kjend som The White Album). Songen er i hovudsak skriven av John Lennon, men tilskriven Lennon/McCartney. Arbeidstittelen på songen var «Happiness Is a Warm Gun in Your Hand», som var inspirert av ei setning i eit magasin, som var ein parodi på Happiness is a Warm Puppy, ei Knøttene-bok skriven av Charles Schulz i 1962.

Songen er berre tre minuttar lang, men inneheld fem forskjellige parti. Han startar med ein kort liten melodiøs del («She’s not a girl who misses much …»). Etter kvart kjem trommer, bass og forvrengd gitar inn. Vidare skiftar songen til ein del av ein Lennon-song kalla «I Need a Fix», bygd rundt eit skummelt gitarriff. Denne delen glir over i eit refreng, «Mother Superior jumped the gun».

Den siste delen er i doo-wop-stil der korvokalen består av «bang, bang, shoot shoot». Dei mange delane av songen inspirerte Radiohead og dei tre delane av songen «Paranoid Android» på OK Computer.[1]

Songen skiftar takt fleire gonger. Han startar i 2/4 takt, skiftar til 3/4-takt under «which he gave and donated to the national trust» og til 6/8-takt for gitarsoloen i «I need a fix …»-delen. Dette går så over i 3/4- og 4/4-takt i «Mother Superior …»-biten, før han held fram i 4/4-takt under doo-wop-avsluttinga.

I følgje Lennon kom tittelen til han frå omslaget på eit våpenmagasin som produsenten George Martin viste han. Lennon sa om dette: «Eg trur han viste meg omslaget på eit magasin som sa 'Happiness Is a Warm Gun'. Det var eit våpenmagasin. Eg syntest det var fantastisk, ein sprø ting å seie. Eit varmt skytevåpen tyder på at du nettopp har skote noko.»[2]

Medverkande endre

Andre versjonar endre

Kjelder endre

  1. «Paranoid Android». Henta 8. februar 2009. 
  2. Jann S. Wenner (2000). Lennon Remembers. London: Verso. s. 114–115. ISBN 1-85984-600-9.