Alanis Morissette

Alanis Nadine Morissette (fødd 1. juni 1974) er ein kanadisk-amerikansk[1]songar og låtskrivar innan alternativ rock. Ho har hatt store hittar med singlane «You Oughta Know», «Ironic» og «Thank U». Albumet Jagged Little Pill frå 1995 var ein stor salssuksess med høge listeplasseringar og over 33 millionar eksemplar selde globalt.[2][3][4]

Alanis Morissette

Alanis Morissette opptrer i Barcelona i 2008.
Statsborgarskap Canada, USA
Fødd 1. juni 1974 (49 år)
Ottawa
Yrke songar-låtskrivar, songar, skodespelar, komponist, musikar, musikkprodusent, filmprodusent, skribent, låtskrivar, gitarist, teaterskodespelar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, plateartist
Språk engelsk, fransk
Religion buddhisme, katolisisme
Far Alan Richard Morissette
Mor Georgia Feuerstein
Ektefelle Souleye
Partnar Ryan Reynolds
Nettstad https://alanis.com/
Alanis Morissette på Commons

Biografi endre

Unge år endre

Alanis Morissette voks opp saman med foreldra og ein tvillingbror i hovudstaden Ottawa i Ontario. Ho gav ut si fyrste plate som tenåring i 1991, Alanis som ho også brukte som artistnamn på denne tida. Dette dance-pop-albumet selde ganske bra i Kanada, og det vart laga tre singlar frå det. Året etter vann ho Juno-prisen, som tilsvarer Grammy-prisen i USA, i kategorien Årets mest lovande kvinnelege vokalist. Oppfylgjaralbumet Now Is the Time kom ut i Kanada i 1992, og var meir prega av balladar med djupare tekstar enn det førre. Diverre selde det dårleg.

Gjennombrotet endre

Alanis Morissette budde framleis hjå foreldra i 1993, men bestemte seg for å flytta til Toronto for å satsa på musikkarrieren der. Her trefte ho musikkprodusenten Glen Ballard, og fekk signert ein platekontrakt med Maverick Records. I 1995 gav ho ut plata Jagged Little Pill som den fyrste ho lanserte internasjonalt. Singelen «You Oughta Know» fekk mykje fokus for den sterke teksten sin, og fekk snart speletid både på ein lokalradio i Los Angeles og på MTV. Heile seks singlar vart produsert frå Jagged Little Pill, inkludert hiten «Ironic». Dette albumet fekk formidale salstal i forhold til dei tidlegare platene hennar; i USA selde det 16 millionar eksemplar, og på verdsbasis over 33 millionar. Ho vann heile seks Juno-prisar i 1996, og også fire Grammy-prisar.

Seint i 1996 reiste ho på ein verdsturné som varte i 18 månader, og i 1997 og 1998, vart det fleire musikkprisar på henne. Etter talrike samarbeidsprosjekt gav ho ut fjerdeplata, Supposed Former Infatuation Junkie i 1998. Albumet selde bra i byrjinga, men tekstane vart for spesielle for fansen, og det vart difor ikkje like populært som Jagged Little Pill. Den best kjende singelen frå plata vart «Thank U», som ho skreiv etter ein tur til India. I musikkvideoen opptredde Morissette naken, berre tildekt av det lange håret hennar. I 1999, etter eit samarbeid med musikaren Jonathan Elias, gav ho ut liveplata Alanis Unplugged, der ho spelar utan elektroniske hjelpemiddel. Sommaren det året reiste ho på turné saman med Tori Amos.

2000-talet endre

I 2003 gav Alanis Morissette ut Under Rug Swept, der ho var både låtskrivar og produsent for sine eigne songar for fyrste gong. Singelen «Hands Clean» kom frå dette albumet, og kom på topp i den kanadiske singellista. Ho vart tildelt ein Juno i kategorien beste produsent same året. Seinare i 2002 gav ho ut samlealbumet Feast on Scraps - «Restefest».

I april 2004 leidde Morissette utdelinga av Juno-prisen, kledd i ei morgonkåpe, som ho tok av for å syna fram ei kroppsfarga drakt under. Dette var meint som kritikk mot dei nye strenge reglane mot å visa hud på fjernsyn i USA, grunna hendinga med Janet Jackson og Justin Timberlake under Super Bowl tidlegare det året. I mai gav Morissette ut si sjette plate, med tittelen So-Called Chaos, som fekk moderate salstal. Året etter gav ho ut ei akustisk nyinnspeling av Jagged Little Pill i samarbeid med kaffibarkjeden Starbucks. I 2005 gav ho også ut ei ny samleplate. I 2008 gav ho ut sitt sjuande album, Flavors of Entanglement, og forlét etter dette Maverick Records.

Ymse endre

Ho har elles hatt mindre oppdrag som skodespelar i film og fjernsyn (fleire gonger i rolla som Gud), og ho er veganar. I 2010 vart ho gift med rapparen Mario Treadway, dei har eit barn saman og er busett i Los Angeles.

Studioalbum endre

  • Alanis (1991)
  • Now Is the Time (1992)
  • Jagged Little Pill (1995)
  • Supposed Former Infatuation Junkie (1998)
  • Under Rug Swept (2002)
  • So-Called Chaos (2004)
  • Flavors of Entanglement (2008)

Kjelder endre

  1. «Alanis Morissette becomes U.S. citizen: Canadian-born singer to maintain dual citizenship». Associated Press. February 17, 2005. Henta July 3, 2012. 
  2. «Alanis Morissette: You ask the questions». London: The Independent. April 21, 2005. Henta April 23, 2010. 
  3. «Alanis Ties For Highest-Selling Debut Ever». Rolling Stone. Jann Wenner. August 5, 1998. Henta June 12, 2011. «Morissette's 1995 bow is now tied with Boston's self-titled 1976 album as the best-selling debut of all time» 
  4. Caulfield, Keith. «Ask Billboard: Missy Elliott, Hot 100 And The Best Selling Album Of All Time». Billboard. Prometheus Global Media. Henta June 9, 2011. «We're including Morissette's "Jagged," as it was her U.S. major label debut»