Happy Jack
Singel av The Who
frå albumet Happy Jack (amerikansk versjon av «A Quick One»)
B-side
  • «I've Been Away» (Storbritannia)
  • «Whiskey Man» (USA)
Språk engelsk
Utgjeve 3. desember 1966 (Storbritannia)
18. mars 1967 (USA)
Innspelt 10. november 1966
Studio CBS Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 2:14
Selskap Reaction (Storbritannia),
Decca (Storbritannia),
Polydor (EU)
Komponist Pete Townshend
Tekstforfattar Pete Townshend
Låtskrivar(ar) Pete Townshend
Produsent Kit Lambert
The Who-kronologi 
«La-La-La-Lies»
(1965)
Happy Jack «Pictures of Lily»
(1967)


«Happy Jack» er ein song av det britiske rockebandet The Who, som kom ut i desember 1966 og nådde tredjeplassen i heimlandet. I USA kom singelen ut i mars 1967 og nådde 24. plassen. Songen vart òg gjeven ut på den amerikanske utgåva av det andre albumet deira, som heitte A Quick One i Europa og Happy Jack i USA.

Førsteverset av songen vert sungen av John Entwistle, medan Roger Daltrey syng resten. Dette er derfor ein av få songar skrivne av Pete Townshend med Entwistle på solovokal. Heilt mot slutten av «Happy Jack» kan ein høyre Townshend rope «I saw you!» («Eg såg deg!») og det vert sagt at dette er til trommeslagar Keith Moon som i smug prøvde få stemma si med på innspelinga, noko resten av bandet mislikte.[1][2]

Trass i suksessen på singellistene, kalla Who-biografen Greg Atkins songen for den svakaste singelen deira til då.[3] Daltrey skal visstnok ha meint at songen høyrdest ut som ein «tysk ompasong».[4] Men Chris Charlesworth hylla dei «lyse harmoniane, det rare temaet» og «den feite bassen og trommene».[1] Charlesworth hylla særleg trommespelinga til Moon som ikkje berre bar rytmen, men òg sjølve melodien, på ein måte han kallar «overraskande originalt».[1]

Songen vart først framført av The Who i 1967 og dei spelte songen på konsertane til 1970. Ein versjon frå konserten i Leeds i februar 1970 kom ut på CD-utgåva av Live at Leeds i 1995 i ein medley med andre songar.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Charlesworth, C. (1995). The Complete Guide to the Music of the Who. Omnibus Press. s. 104. ISBN 0711943060. 
  2. Marsh, D. (1983). Before I Get Old. St. Martin's Press. s. 240–241. ISBN 0312071558. 
  3. Atkins, John (2000). The Who on Record: A Critical History, 1963-1998. MacFarland. s. 74–76. ISBN 9781476606576. 
  4. Segretto, M. (2014). The Who FAQ. Backbeat Books. s. 29, 50. ISBN 9781480361034.