Opna hovudmenyen
Live at Leeds
Konsertalbum av The Who
Utgjeve 23. mai 1970[1]
Innspelt 14. februar 1970[2]
Spelestad University Refectory ved Leeds University i Leeds
Sjanger Hardrock
Lengd 37:42
Selskap Decca, MCA
Produsent
The Who-kronologi
Tommy
(1969)
Live at Leeds Who's Next
(1971)


Singlar frå Live at Leeds
  1. «Summertime Blues»
    Utgjeve: Juni 1970

Live at Leeds er det første konsertalbumet til The Who og det einaste konsertalbumet som kom ut medan bandet var aktivt. Det vart først gjeve ut 16. mai 1970 av Decca og MCA i USA og 23. mai 1970 i Storbritannia av Track og Polydor. Albumet har seinare vorte gjeve ut i fleire ulike format. I 2003 vart albumet rangert på 170. plass på lista til musikkamagasinet Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[3]
Blender5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[4]
Christgau's Record GuideB[5]
Entertainment WeeklyA+[6]
Mojo5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[7]
Q4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[7]
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[8]
Uncut4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[7]

Albumet er av fleire trekt fram som det beste konsertalbumet i rockehistoria[9][10][11][12][13] og er inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[14] Albumet er òg ein del av lista Album gjennom tidene med høgast lyd til musikkmagasinet Q.

BakgrunnEndra

 
Blå plakett ved University of Leeds til minne om albumet

Etter dei gav ut albumet Tommy i midten av 1969 la The Who ut på ein omfattande verdsturne og kom tilbake til England året etter med ønske om å spele inn eit konsertalbum frå turneen. Dei ønskte derimot ikkje å høyre på dei om lag 80 timane med musikk dei hadde spelt inn for å velje ut kva som var dei beste songane for albumet. Det gjekk rykter om at Pete Townshend øydela lydbanda for å unngå piratopptak, men dette vart seinare avkrefta av Roger Daltrey i eit intervju.

To konsertar vart så planlagt, eit ved University of Leeds og eit anna i Hull, for å spele inn albumet. Konsertane vart haldne 14. februar (Leeds) og 15. februar (Hull) 1970, men tekniske problem med innspelinga frå Hull-konserten — bassgitaren vart ikkje spelt inn på enkelte av songane — gjorde at dei valde konserten frå Leeds for albumet. Trass i at mange tilhengjarar og kritikarar har rosa Leeds-konserten, meinte bandmedlemmene at innspelinga i Hull høyrdest betre ut med betre akustikk i lokalet.

OmslagEndra

Plateomslaget ser ut slik plateomslaga piratopptak såg ut på denne tida, eit enkelt brunt pappomslag med «The Who Live At Leeds» trykt i enkle blå eller raude bokstavar, som om dei var stempla på med blekk. Det opphavlege plateomslaget kunne opnast opp og hadde ei lomme på kvar side på innsida med plata på eine sida og forskjellige ting på andre sida, som bilete, tekstar, ei oppskrift for røykbomber og ein tidleg «Maximum R&B»-plakat som synet Pete Townshend som gjer vindmølla på Rickenbackeren sin.

OmtaleEndra

I ei melding då albumet kom ut for The New York Times skreiv kritikaren Nik Cohn at Live at Leeds var «den definitive hardrock-holocaust» og «det beste livealbumet innan rocken som nokon gong er laga».[15] Jonathan Eisen i Circus meinte at det flaut betre enn Tommy og at det aldri sidan albumet kom ut «har vore eit like utruleg tungt, så inspirert med den type kinetisk energi som The Who klarte å temme her.»[16] Greil Marcus i Rolling Stone var mindre entusiastisk og sa at sjølv om innpakkinga til Townshend for albumet er «ein nyskapande kraftprestasjon innan rock and roll», er musikken utdatert og hendingslaus. Han meinte at Live at Leeds berre fungerte som eit dokument på «den formelle, kommersielle slutten på den første store perioden i den store karrieren til The Who.»[17]

Omdømet til albumet har vorte så høgt at spisesalen i University of Leeds har vorte erklært eit nasjonalt landemerke i Storbritannia og minna med ein blå plakett.

Live at Leeds har blitt omtalt som tidenes beste rockekonsertalbum gjennom tidene av The Daily Telegraph,[18] The Independent,[19] BBC,[20] Q,[21] og Rolling Stone.[22] I 2003 var det rangert på 170. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[23] Den 17. juni 2006, over 36 år etter den originale konserten, drog The Who attende for å spele på The Refectory, ein konsert organisert av Andy Kershaw. Kershaw sa at konserten var «blant dei beste han hadde sett».[24] I 2012 kåra lesarane av Rolling Stone albumet til det beste gjennom tidene.[25]

UtgjevingarEndra

I 1996 vart albumet første gong gjeven ut på CD. Den nymastra CDen inneheldt songar og introduksjonar til songane som vart fjerna frå den opphavlege utgjevinga. Enkelte stader, mellom anna på «My Generation», vart dei opphavlege vokalpartia erstatta av nye opptak av Daltrey.

«Fortune Teller» og «Young Man Blues» er R&B-songar som var ein del av standardrepertoaret til The Who på denne tida. «Shakin' All Over» er ei utgåve av Johnny Kidd frå 1960 og «Summertime Blues» ei utgåve av ein Eddie Cochran-song.

«My Generation» er dradd ut til nesten seksten minuttar og inneheld utdrag av «See Me, Feel Me» / «Listening To You», «Sparks», instrumentalriffet frå slutten av «Naked Eye», «The Seeker» og fleire andre ukjende tema. «Magic Bus» er dradd ut til sju og eit halvt minutt (klippa ned til 9:42). Resten av spora er stort sett som på albuma, men spelt som ein hard-rock power trio i staden for å prøve å gjenskape lydbilete frå originalinnspelinga.

Ein liknande konsert frå seinare på året vart gjeven ut i 1996 som Live at the Isle of Wight Festival 1970 i lag med filmen Listening to You: The Who at the Isle of Wight Festival.

I 2001 vart albumet gjeve nut på ny som del av Universal Deluxe Edition-serien. Deluxe-utgåva inneheld meir prat mellom songane og ei nesten komplett framføring av Tommy på plate to, som inneheld alle songar på plata bortsett frå «Cousin Kevin», «Underture», «Sensation» og «Welcome», som ikkje vart framført på konserten. På konserten vart Tommy framført mellom «A Quick One, While He's Away» og «Summertime Blues»; Deluxe Edition.

Eit utdrag frå denne innspelinga av «We're Not Gonna Take It»— med tittelen «See Me Feel Me/Listening to You»—vart òg tidlegare gjeven ut i boksen Thirty Years Of Maximum R&B.

Under konserten vart «Summertime Blues», «Shakin' All Over», «My Generation» og «Magic Bus» spelt etter Tommy, men for å gjere det lettare for lyttaren vart heile Tommy-delen av konserten plassert på plate to, og dei fire andre songane plasserte på slutten av plate ein.

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Young Man Blues» (Mose Allison) 5:51
2. «Substitute»   2:05
3. «Summertime Blues» (Jerry Capehart, Eddie Cochran) 3:22
4. «Shakin' All Over» (Johnny Kidd) 4:15
Side to
# Tittel Lengd
5. «My Generation»   14:27
6. «Magic Bus»   7:30

1995-utgåvaEndra

Alle songar er skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde. 

 
# Tittel Lengd
1. «Heaven and Hell» (John Entwistle) 4:50
2. «I Can't Explain»   2:58
3. «Fortune Teller» (Naomi Neville) 2:34
4. «Tattoo»   3:42
5. «Young Man Blues» (Mose Allison) 5:51
6. «Substitute»   2:06
7. «Happy Jack»   2:13
8. «I'm a Boy»   4:41
9. «A Quick One, While He's Away»   8:41
10. «Amazing Journey/Sparks»   7:54
11. «Summertime Blues» (Capehart og Cochran) 3:22
12. «Shakin' All Over» (Johnny Kidd) 4:34
13. «My Generation»   15:46
14. «Magic Bus»   7:46

Deluxe-utgåvaEndra

Alle songar er skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde. 

Plate ein
# Tittel Lengd
1. «Heaven and Hell» (John Entwistle) 4:50
2. «I Can't Explain»   2:58
3. «Fortune Teller» (Naomi Neville) 2:34
4. «Tattoo»   3:42
5. «Young Man Blues» (Mose Allison) 5:51
6. «Substitute»   2:06
7. «Happy Jack»   2:13
8. «I'm a Boy»   4:41
9. «A Quick One, While He's Away»   8:41
10. «Summertime Blues» (Capehart og Cochran) 3:22
11. «Shakin' All Over» (Johnny Kidd) 4:34
12. «My Generation»   15:46
13. «Magic Bus»   7:46
Plate to
# Tittel Lengd
1. «Overture»   6:53
2. «It's a Boy»   0:38
3. «1921»   2:49
4. «Amazing Journey»   3:18
5. «Sparks»   4:23
6. «Eyesight to the Blind (The Hawker)»   1:58
7. «Christmas»   3:19
8. «The Acid Queen»   3:18
9. «Pinball Wizard»   2:25
10. «Do You Think It's Alright?»   0:22
11. «Fiddle About»   1:13
12. «Tommy, Can You Hear Me?»   0:55
13. «There's a Doctor»   0:23
14. Utan namn   3:24
15. «Smash the Mirror»   1:19
16. «Miracle Cure»   0:13
17. «Sally Simpson»   4:01
18. «Sensation»   2:27
19. «I'm Free»   2:39
20. «Tommy's Holiday Camp» (Moon) 1:00
21. «We're Not Gonna Take It»   8:48

MedverkandeEndra

SalslisterEndra

Album
År Liste Plassering
1970 Billboard Pop Albums 4[26]
UK Chart Albums 3[27]
Danish Album Charts 8[28]
Singlar
År Singel Liste Plassering
1970 «Summertime Blues» Billboard Pop Singles 27[29]
UK Singles Charts 38[27]

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[30] Gull 100 000^
USA (RIAA)[31] 2× Platina 2 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. Atkins 2000, s. 129.
  2. Marsh 1983, s. 358.
  3. Eder, Bruce. «Live at Leeds – The Who». AllMusic. Henta 13. september 2019. 
  4. «Blender :: guide». web.archive.org. 19. oktober 2006. Henta 5. mars 2019. 
  5. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: W». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 9. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  6. Sinclair, Tom (17. februar 1995). «Live at Leeds Review». Entertainment Weekly (New York) (262). Henta 13. september 2019. 
  7. 7,0 7,1 7,2 «Live At Leeds». Rakuten.com. Muze. Arkivert frå originalen 3. november 2014. Henta 13. september 2019. 
  8. Kemp, Mark; et al. (2004). Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 871. ISBN 0-7432-0169-8. 
  9. "Hope I don't have a heart attack". Telegraph.co.uk (22. juni 2006). Henta 11. juli 2009.
  10. Live at Leeds: Who's best... The Independent (7. juni 2006). Henta 11. juli 2009.
  11. Hyden, Steven. THE WHO: Live at Leeds. PopMatters.com (29. januar 2003)
  12. The Who: Live at Leeds. BBC - Leeds - Entertainment (18. august 2006). Henta 11. juli 2009
  13. Live at Leeds. Rolling Stone magazine (1. november 2003) (Henta 11. juli 2009)
  14. 1001 albums You Must Hear Before You Die frå www.rocklistmusic.co.uk (Henta 11. juli 2009)
  15. Cohn, Nik (8. mars 1970). «Finally, the Full Force of the Who». The New York Times. Rock Recordings section, p. M2.  Mal:Subscription required
  16. Eisen, Jonathan (July 1970). Circus.  Missing or empty |title= (hjelp)
  17. Marcus, Greil (9. juli 1970). «Live at Leeds». Rolling Stone (New York). Henta 13. september 2019. 
  18. «Hope I don't have a heart attack». The Daily Telegraph. 22. juni 2006. Henta 24. september 2019. 
  19. «Live at Leeds: Who's best...». The Independent. 7. juni 2006. Henta 24. september 2019. 
  20. «The Who: Live at Leeds». BBC Leeds. 18. august 2006. Henta 24. september 2019. 
  21. «Live at Leeds – again». Leeds University. 6. juni 2006. Arkivert frå originalen 2. mai 2007. Henta 24. september 2019. 
  22. «The Who - Live At Leeds». Rolling Stone. 1. november 2003. Henta 24. september 2019. 
  23. «The 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone (New York): 136. 11. desember 2003. 
  24. «The Who Live at Leeds». University of Leeds. Henta 9. november 2012. 
  25. Stone, Rolling; Stone, Rolling (21. november 2012). «Readers' Poll: The 10 Best Live Albums of All Time». RollingStone.com. Henta 24. september 2019. 
  26. Booklet inside Live at Leeds, The Who, 1995 edition, Polydor Records.
  27. 27,0 27,1 «ChartArchive - The Who». Archive.is. 23. juli 2012. Arkivert frå originalen 23. juli 2012. Henta 24. september 2019. 
  28. «LP Top 10, 12. oktober 1970». Henta 30. mars 2016. 
  29. «The Hot 100: 22. august 1970». Billboard. 
  30. «British album salstrofé – The Who – Live at Leeds». British Phonographic Industry.  Enter Live at Leeds in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  31. «American album salstrofé – The Who – Live at Leeds». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

BakgrunnsstoffEndra