Harald Norpoth (fødd 22. august 1942) er ein tysk tidlegare mellom- og langdistanseløpar frå Münster som representerte Vest-Tyskland. Han var ein spurtsterk utøvar som vann sølvmedaljen på 5 000 meter både under Sommar-OL 1964 og Friidretts-EM 1966, og bronsemedaljen på 1500 meter i nemnde europameisterskap, så vel som på 5 000 m ved Friidretts-EM 1971.

Harald Norpoth


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 22. august 1942 (81 år)
Münster
Idrett 800 meter, friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1964

Utmerkingar

Silbernes Lorbeerblatt, Verdienstorden des Landes Nordrhein-Westfalen

Aktiv endre

Norpoth stega inn i verdseliten på 1500 m i 1962-sesongen. Fire dagar etter han fall i 1500-meterfinalen under EM i friidrett, vann han distansen i eit løp i Warszawa og sette vesttysk rekord med tida 3.41,2. Frå 1963 byrja han også å tevle på 5 000 m. Sommaren 1964 sette han vesttysk rekord med eit løp på 13.48,4. Nokre veker seinare kneip han sølvmedaljen på 5 000 meter ved Sommar-OL 1964 i Tokyo, 0,2 sekund framom Bill Dellinger frå USA og franske Michel Jazy.

I juli 1965 flytta Nordpoth den vesttyske 5 000-meterrekorden til 13.42,8. Nøyaktig 11 månader seinare sette han europarekord på distansen då han fekk notert 13.24,8 i Köln. Under europameisterskapen 1966 i Budapest fekk han bronsemedaljen på 1500 m, slått i spurten av landsmannen Bodo Tümmler og Jazy. Tre dagar seinare sprang Norpoth inn til sølv på 5 000 m, også då vart Michel Jazy for sterk på oppløpssida. Ei veke etter EM presterte Norpoth verdsbestenotering på 2 000 meter då han i Hagen vart klokka i mål på 4.57,8. Sju dagar seinare presterte han 3.39,7 og livsbeste på 1500 m.

Under Sommar-OL 1968 enda Norpoth på fjerdeplass på 1500 m, langt bakom medaljevinnarane. Han deltok ikkje i Athen-EM 1969. I Friidretts-EM-1971 tok han derimot bronsen på 5 000 m, 1,3 sekund bak vinnaren Juha Väätäinen, og to tidels sekund attom franskmannen Jean Wadoux. Ved dei olympiske sommarleikane i München enda Norpoth på sjetteplass, over 6 sekund etter Lasse Virén, den olympiske meisteren. Den 12. juli 1973, under ein landskamp mot Sveits og USA i München, forbetra Norpoth den tyske 5 000-meterrekorden til 13.20,5. Han la opp same året.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre