Harald Synnes

norsk politikar

Harald Synnes (18. mars 193117. mai 2012) var ein norsk politikar fødd i Bø i Nordland. Han representerte Kristeleg Folkeparti og Vest-AgderStortinget frå 1981 til 1989. Synnes var parlamentarisk leiar for partiet i tida 1983–86.

Harald Synnes
Fødd18. mars 1931
Bø kommune
Død17. mai 2012 (81 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar, lektor
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Alle verv

Liv og gjerning endre

Synnes var utdanna lærar og underviste ved Oddernes gymnas, der han ei tid også var rektor. Han var varaordførar i Kristiansand i perioden 1972–75 og ordførar 1976–78.

Gjennom stortingsvalet 1981 fekk Synnes plass på Stortinget for Kristeleg Folkeparti i Vest-Agder, og vart attvald i 1985. Alle åtte åra han var stortingsrepresentant var han medlem av Finanskomitéen og Valkomitéen. Då Kristeleg Folkeparti gjekk inn i Willoch-regjeringa i 1983 og partiet sin fremste mann, Kjell Magne Bondevik, vart statsråd, tok Synnes over som parlamentarisk leiar. Denne posisjonen hadde han til Willoch-regjeringa gjekk av våren 1986. I den andre fireårsperioden, 1985–89, var Synnes også sekretær i Utanriks- og konstitusjonskomitéen. Under nominasjonsmøtet til stortingsvalet 1989 i Vest-Agder Kristeleg Folkeparti vart det kamp om fyrsteplassen på vallista, der Jon Lilletun fekk flest røyster og vart fyrstekandidat i staden for den vraka Synnes. I staden vart Synnes statssekretær Kultur- og vitskapsdepartementetSyse-regjeringa vart utnemnd i oktober. 20. august 1990 forlet han statssekretær-jobben.

Etter at Kristeleg Folkeparti sa ja til EØS-avtalen i 1992, melde Synnes seg ut av partiet. Nokre år seinare melde han seg innatt i KrF, og vart leiar for partiet sitt seniorutval. Synnes var ved fleire høve aktuell som leiar av Nei til EU, men nådde aldri opp.

Kjelder endre