Jabal Haraz

(Omdirigert frå Harazfjella)

Jabal Haraz er eit fjellområde i Jemen, mellom Sana'a og al-Hudayda. På 1000-talet var det ein skanse for Sulaihid-dynastiet, og mange av bygningane frå den tida står enno.[1]

Harazfjella
Landsby i Harazfjella

Historie og plassering endre

På grunn av plasseringa mellom kystsletta Tihamah og Sana'a, har dette fjellområdet alltid vore strategisk viktig. Staden var ein stoppestad for karavanar under Himjar, og vart seinare ein tilfluktsstad for Sulaihid-staten som vart grunnlagd i Jemen i 1037. Sidan den gong har innbyggjarane her vore ism'ail-muslimar.

Haraz er kjend for det vakre landskapet, festningsutbygde landsbyar og nesten utilgjengelege fjelltoppar. Den imponderande arkiktekturen hadde to føremål, å forsvare landsbybuarane og samstundes gje nok rom for å dyrke avlingar. Kvar by er bygd som ei borg og sjølve husa dannar ein del av muren, utstyrt med ein eller to dører som var enkle å forsvare. Dei er bygde av sandstein og basalt og er integrert i landskapet og det kan vere vanskeleg å sei kvar berget byrjar og landsbyen sluttar. Fjellet er delt inn i terrassar, skilde av murar som kan vere fleire meter høge. På desse terrassane vert det dyrka alfalfa for buskapen, hirse, linser, store område for kaffi og khat.

Innafor ei dagsreise er Banu Mora og andre landsbyar på ryggen oppom Manakhah. Manakhah er hjartet i denne fjellkjeda, ein stor by med ein marknad som tiltrekkjr seg folk frå landsbyane rundt. Al Hajjara, vest for Manakhah, er ein vakker, innmura landsby med eit citadell som vart bygd på 1100-talet av sulahidane. Frå der er det tilkomst til andre landsbyar, som Bayt al-Qamus og Bayt Shimran. Landsbyen Hutaib er bygd på ei plattform av raud sandstein, med utsyn over terrassert åsar med fleire landsbyar. Her ligg òg mausoleet til den tredje jemenittiske «dai» Hatim al-Hamdi.

Verdsarv endre

Området er lagt til ei liste av UNESCO for at det i framtida kan verte ein verdsarvstad.[1]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Jabal Haraz