Hard Bargain av Emmylou Harris
Hard Bargain Studioalbum av Emmylou Harris | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 26. april 2011 | |
Innspelt | August 2010 | |
Sjanger | Country-folk, Americana | |
Lengd | 53:04 | |
Selskap | Nonesuch | |
Produsent | Jay Joyce | |
Emmylou Harris-kronologi | ||
---|---|---|
All I Intended to Be (2008) |
Hard Bargain | Old Yellow Moon (2013)
|
Hard Bargain er det 21. studioalbumet og det 26. totalt av den USA-amerikanske countrymusikaren Emmylou Harris, gjeve ut 26. april 2011.[1] Det var det fjerde albuemt hennar for Nonesuch Records.
Meldingar | |
---|---|
Samla karakter | |
Kjelde | Karakter |
Metacritic | (6.9/10) MC 69/100, 19 kritikarar |
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | 2011 |
Billboard | 2011 |
Entertainment Weekly | B+ lenkje |
guardian.co.uk | lenkje |
Los Angeles Times | lenkje |
PopMatters.com | lenkje |
Slant Magazine | 2011 |
The Independent | lenkje |
New Zealand Herald | lenkje |
Paste Magazine | lenkje |
Country Weekly | lenkje |
The Press (York) | lenkje |
Albumet debuterte på tredjeplassen på den amerikanske Billboard Top Country Albums-lista[2] den høgaste plasseringa hennar der sidan Roses in the Snow i 1980. Samstundes nådde det 18. plassen på Billboard 200,[3] og tok over plassen etter Luxury Liner i 1977 som den høgaste plasseringa hennar på den lista i heile karrieren hennar.
Informasjon
endreSongane som vart til Hard Bargain, vart i følgje Harris spelt inn i løpet av fire veker i august 2010. I motsetnad til alle tidlegare Harris-album, som i stor grad er blitt spelt inn med mange forskjellige musikarar, er det berre tre musikarar totalt på heile albumet, nemleg Harris sjølv, produsenten Jay Joyce og Giles Reaves.
I desember 2010 vart det filma seks videoklipp i Laughing House Studios i Nashville, regissert av Jack Spencer.[4] Desse videoane, med kommentar til, finst som ein bonus-DVD på luksusutgåva av albumet.
Opningssongen «The Road» handlar om den avdøde Gram Parsons, den musikalske mentoren hennar som døydde i 1973. Det var den andre songen ho skreiv om temaet etter «Boulder to Birmingham» frå albumet Pieces of the Sky i 1975.
«Darlin' Kate» er ein hyllest til den avdøde Kate McGarrigle, som døydde av kreft i 2010. Ho og systera Anna McGarrigle hadde spelt mykje med Harris ved fleire høve sidan 1970-åra.
«My Name Is Emmett Till» fortel soga om Emmett Till, ein afroamerikansk gut som vart drepen i 1955.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Road» | Emmylou Harris | 5:31 |
2. | «Home Sweet Home» | Harris | 3:45 |
3. | «My Name Is Emmett Till» | Harris | 4:53 |
4. | «Goodnight Old World» | Harris, Will Jennings | 3:55 |
5. | «New Orleans» | Harris, Jennings | 3:38 |
6. | «Big Black Dog» | Harris | 3:26 |
7. | «Lonely Girl» | Harris | 4:44 |
8. | «Hard Bargain» | Ron Sexsmith | 3:23 |
9. | «Six White Cadillacs» | Harris, Jennings | 3:22 |
10. | «The Ship on His Arm» | Harris | 4:46 |
11. | «Darlin' Kate» | Harris | 3:08 |
12. | «Nobody» | Harris | 5:04 |
13. | «Cross Yourself» | Jay Joyce | 3:36 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
14. | «To Ohio» (med The Low Anthem) | Ben Knox Miller, Jeffrey Prystowsky | 3:27 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Six White Cadillacs» (video) | |
2. | «Goodnight Old World» (video) | |
3. | «Home Sweet Home» (video) | |
4. | «Darlin' Kate» (video) | |
5. | «Big Black Dog» (video) | |
6. | «The Road» (Acoustic Version) (video) |
Medverkande
endreSalslister
endreListe (2011) | Plassering |
---|---|
Den australske albumlista | 48[5] |
Australian Country Albums Chart | 2 |
Den belgiske albumlista (Flandern) | 39 |
Den belgiske albumlista (Vallonia) | 95 |
Den kanadiske albumlista | 20 |
Den danske albumlista | 27 |
Kanadiske Country Albums Chart | 2 |
Den nederlandske albumlista | 15 |
Den tyske albumlista | 49 |
Irish Individual Artist Albums | 36 |
Den newzealandske albumlista | 28 |
Norske VG-lista | 11 |
Den svenske albumlista | 15 |
Den sveitsiske albumlista | 76 |
UK Albums Chart | 30 |
UK Country Albums Chart | 2 |
US Billboard 200 | 18 |
US Billboard Top Country Albums | 3 |
US Billboard Folk Albums | 3 |
US Billboard Rock Albums | 6 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hard Bargain (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 22. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Emmylou Harris | Nonesuch Records». Nonesuch.com. Henta 22. november 2020.
- ↑ Betts, Stephen L. (4. mai 2011). «Emmylou Harris' 'Hard Bargain' Debuts at nr. 3 on Country Chart». The Boot. Henta 22. november 2020.
- ↑ Kaufman, Gil (4. mai 2011). «Adele Tops Billboard Albums Chart Once Again - Music, Celebrity, Artist News». MTV. Henta 22. november 2020.
- ↑ «Hard Bargain | Nonesuch Records». Nonesuch.com. Henta 22. november 2020.
- ↑ «Top 50 Albums Chart - Australian Recording Industry Association». ARIA. Henta 22. november 2020.