Old Yellow Moon
Old Yellow Moon Studioalbum av Emmylou Harris og Rodney Crowell | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 26. februar 2013 | |
Innspelt | 2012 | |
Sjanger | Country, folk | |
Lengd | 41:06 | |
Selskap | Nonesuch | |
Produsent | Brian Ahern | |
Emmylou Harris-kronologi | ||
---|---|---|
Hard Bargain (2011) |
Old Yellow Moon | The Traveling Kind (2015) |
Rodney Crowell-kronologi | ||
Sex & Gasoline (2008) |
Old Yellow Moon | Tarpaper Sky (2014)
|
Old Yellow Moon er eit studioalbum av dei amerikanske countrymusikarane Emmylou Harris og Rodney Crowell, gjeve ut 26. februar 2013 i USA på Nonesuch Records.[1]Det er det 27. albumet til Harris totalt og det tiande studioalbumet til Crowell.
Meldingar | |
---|---|
Samla karakter | |
Kjelde | Karakter |
Metacritic | (75/100) [1], 14 kritikarar |
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | lenkje |
Aftonbladet | lenkje |
Paste | lenkje |
Rock Cellar | lenkje |
Rolling Stone Tyskland | lenkje |
Slant Magazine | lenkje |
Stereo Subversion | B+ lenkje |
The Independent | lenkje |
Uncut | lenkje |
USA Today | lenkje |
Vue Weekly | lenkje |
Albumet vart produsert av den tidlegare ektemannen og mangeårige produsenten til Harris, Brian Ahern og vart spelt inn i 2012 i Eastern Island Sounds og Ronnie's Place, begge i Nashville.[2]
Informasjon
endreOld Yellow Moon var eit av mange samarbeidsprosjekt mellom Harris og Crowell, og det første som kom ut som eit samarbeidsalbum. Dei hadde planlagt og ønskt å spele inn eit duettalbum i mange år. I notata til plateboksen Songbird: Rare Tracks and Forgotten Gems i 2007, skreiv Harris at «me har snakka om å lage eit duettalbum i 34 år, og eg sver at me skal gjere det.»[3]
Harris og Crowell hadde møtt kvarandre nesten 40 år før albumet kom ut, i 1974, og dei to starta å arbeide i lag nesten med ein gong. Harris spelte inn Crowell-songen «Bluebird Wine». Songen vart opningssporet på Pieces of the Sky av Harris frå 1975, og vart spelt inn på ny for Old Yellow Moon med ein litt anna tekst, og med Rodney Crowell på solovokal.
I 1975 vart Crowell ein del av bandet til Harris, «The Hot Band». Han turnerte med henne og var musikar på dei fleste albuma hennar i 1970- og 1980-åra. I tillegg har Harris spelt inn kring 20 songar skrivne av Crowell gjennom åra, som «I Ain't Living Long Like This», «Leaving Louisiana in the Broad Daylight» og «Till I Gain Control Again». Harris var til gjengjeld korvokalist og musikar på debutplata til Crowell, Ain't Living Long Like This, i 1978.
Old Yellow Moon nådde topp 10 på countryalbumlista og vann Harris den 13. Grammyprisen hennar i 2014 for beste americana-album.[4]
Songar
endreDen første songen frå Old Yellow Moon, «Hanging Up My Heart», vart lagt ut offisielt på YouTube i desember 2012. Duoen spelte hovudsakleg inn eldre songar, som den tidlegare nemnde «Bluebird Wine» og Crowell-songen «Here We Are», som vart spelt inn av Harris og George Jones i 1979 for albumet hans My Very Special Guests. Dei spelte òg inn Roger Miller sin «Invitation to the Blues», som var ein hit for Ray Price i 1958.
«Spanish Dancer» vart skriven og spelt inn av Patti Scialfa for hennar Rumble Doll i 1993. På Old Yellow Moon er songen blitt ein typisk Harris-ballade. «Open Season on My Heart», dels skriven av Crowell, var tidlegare spelt inn i 2004 av Tim McGraw for albumet sitt Live Like You Were Dying.
«Chase The Feeling», som i lag med «Black Caffeine», har ein noko annleis og «hardare» stil samanlikna med resten av albumet, vart skriven av Kris Kristofferson og kom ut i 2006 på albumet hans This Old Road. «Dreaming My Dreams» var skriven av Allen Reynolds, som produserte eit par av albuma til Emmylou Harris tidleg i 1990-åra. Opphavleg var denne songen ein hit for Waylon Jennings.
«Bull Rider» var skriven av Crowell for Johnny Cash, som spelte han inn i 1979 for albumet Silver. Tittelsporet på albumet er ein song skriven av Hank DeVito, som var medlem av Hot Band i 1970-åra.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Hanging Up My Heart» | Hank DeVito | 2:52 |
2. | «Invitation to the Blues» | Roger Miller | 3:38 |
3. | «Spanish Dancer» | Patti Scialfa | 3:44 |
4. | «Open Season on My Heart» | Rodney Crowell, James T. Slater | 3:41 |
5. | «Chase the Feeling» | Kris Kristofferson | 3:31 |
6. | «Black Caffeine» | Donivan Cowart, DeVito | 3:23 |
7. | «Dreaming My Dreams» | Allen Reynolds | 3:18 |
8. | «Bluebird Wine» | Crowell | 2:56 |
9. | «Back When We Were Beautiful» | Matraca Berg | 3:40 |
10. | «Here We Are» | Crowell | 3:15 |
11. | «Bull Rider» | Crowell | 3:05 |
12. | «Old Yellow Moon» | DeVito, Lynn Langham | 3:37 |
Total lengd | 40:40 |
Medverkande
endre- Emmylou Harris – vokal, akustisk gitar, tamburin
- Rodney Crowell – vokal, akustisk gitar
Andre medverkande
endre- Brian Ahern – akustisk bass, akustisk gitar, elektrisk barytongitar
- James Burton – elektrisk gitar
- Chad Cromwell – trommer
- Dennis Crouch – bass
- Stuart Duncan – banjo, fele, mandolin
- Larry Franklin – fele
- Paul Franklin – steelgitar
- Vince Gill – klassisk gitar, vokal
- Marco Giovani – trommer
- Emory Gordy jr. – bass
- Glen Hardin – elektrisk piano
- John Hobbs – piano
- Jim Hoke – trekkspel
- Jedd Hughes – elektrisk gitar
- David Hungate – kontrabass, bassgitar
- John Jorgenson – elektrisk gitar, mandolin
- Lynn Langham – piano
- Bill Payne – Hammond B-3-orgel, piano
- Mickey Raphael – bassmunnspel
- Michael Rhodes – bass
- Steuart Smith – elektrisk slidegitar, elektrisk gitar, mandocello
- Tommy Spurlock – steelgitar
- John Ware – trommer
- Reese Wynans – piano
Teknisk
endre- Brian Ahern – produsent
- Shannon Ahern – produsentassistent
- Chuck Ainlay – lydteknikar
- Donivan Cowart – lydteknikar
- John Baldwin – assisterande lydteknikar
- Noland O'Boyle – assisterande lydteknikar
- Bob Ludwig – mastering
Salslister
endreListe (2013) | Plassering |
---|---|
Den belgiske albumlista (Flandern) | 38 |
Den belgiske albumlista (Vallonia) | 115 |
Den danske albumlista | 32 |
Den nederlandske albumlista | 22 |
Den franske albumlista | 123 |
Den tyske albumlista | 71 |
Irish Individual Artist Albums | 33 |
Den newzealandske albumlista | 24 |
Norske VG-lista | 6 |
Den svenske albumlista | 12 |
Den sveitsiske albumlista | 47 |
UK Albums Chart | 42 |
UK Country Albums Chart | 1 |
US Billboard 200 | 29 |
US Billboard Top Country Albums | 4 |
US Billboard Top Folk Albums | 3 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Old Yellow Moon» frå Wikipedia på engelsk, den 22. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Emmylou Harris | Nonesuch Records». Nonesuch.com. Henta 22. november 2020.
- ↑ Old Yellow Moon, booklet
- ↑ Emmylou Harris (2007): Songbird: Rare Tracks and Forgotten Gems (box set), booklet
- ↑ Whitaker, Sterling. «2014 Grammy Awards – Country Winners List». Henta 22. november 2020.