Hark! The Village Wait

Hark! The Village Wait
Studioalbum av Steeleye Span
Språk engelsk
Utgjeve Juni 1970
Innspelt Mars 1970
Studio Sound Techniques i London
Sjanger Folkrock
Lengd 38:55
Selskap RCA, United Artists, Mooncrest, Chrysalis
Produsent Sandy Roberton og Steeleye Span
Steeleye Span-kronologi 
Hark! The Village Wait Please to See the King
(1971)


Hark! The Village Wait er debutalbumet til det britiske folkrockbandet Steeleye Span, først gjeve ut i 1970. Det er det einaste albumet med den originale besetninga, sidan dei vart oppløyst og kom saman att med ei litt anna besetning kort tid etter albumet kom ut, utan at dei hadde spelt ein einaste konsert i lag. Derfor er det eitt av berre to Steeleye Span-album med to kvinnelege vokalistar (Maddy Prior og Gay Woods). Det andre er Time (1996). Alt i alt består albumet av folkemusikk akkompagnert av rocketrommer og bassgitar. Fleire av songane vert framført med banjo som «Blackleg Miner», «Lowlands of Holland» og «One Night as I Lay on My Bed».

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars lenkje

Tittelen på albumet refererer ikkje til det engelske ordet for å vente, men til ein «wait». Ein wait var ei lita gruppa offentlege bymusikantar som spelte blåseinstrument. Denne tradisjonen oppstod i tudortida og varte fram til byrjinga av 1800-talet. Ein landsby var vanlegvis for liten til å ha ei slik gruppe, så i denne samanhengen kan «village wait» syne til den seinare tradisjonen med slike wait-grupper som vart sett saman i juletider. Dette er nemnt i romanar av Thomas Hardy.

I løpet av åra har bandet vitja songane på dette albumet fleire gonger. På det andre albumet deira, Please to See the King, spelte dei ein ny versjon av «The Blacksmith». Ein ny konsertversjon av «Blackleg Miner» finst på Back in Line, og ein tredje variant er gjeven ut på Present--The Very Best of Steeleye Span. På Time spelte dei inn att «Twa Corbies». «Copshawholme Fair» hadde to år tidlegare blitt spelt av Prior og Tim Hart på albumet deira Folk Songs of Olde England Vol. 2.

Blant dei andre songane på albumet er det ein acapella versjon av «A Calling-On Song» (den første av mange acapellastykke bandet spelte inn), «The Hills of Greenmore» og «Dark-Eyed Sailor».

Albumet vart opphavleg gjeven ut i Storbritannia på RCA. Det kom ikkje ut i USA på den tida. I 1975 vart albumet gjeve ut på ny på Chrysalis i både Storbritannia og i USA, då med eit nytt plateomslag.

Innhald endre

Alle songane er tradisjonelle, utanom der anna er nemnt.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«A Calling-On Song»Ashley Hutchings; basert på melodien til «Earsdon Sword Dance Song» (Roud 610)[1]1:13
2.«The Blacksmith» 3:41
3.«Fisherman's Wife» 3:12
4.«Blackleg Miner» 2:46
5.«Dark-Eyed Sailor» 5:59
6.«Copshawholme Fair» 2:35
Side to
Nr.TittelLengd
7.«All Things Are Quite Silent»2:38
8.«The Hills of Greenmore»4:02
9.«My Johnny Was a Shoemaker»1:11
10.«Lowlands of Holland»6:00
11.«Twa Corbies»2:06
12.«One Night as I Lay on My Bed»3:29
Total lengd:38:55

Medverkande endre

Gjestemusikarar

Kjelder endre