Harry Hestad

norsk fotballspelar

Harry Asbjørn Hestad (fødd 7. november 1944) er ein norsk tidlegare fotballspelar, -trenar og kulturarbeidar frå Fræna og Molde. Han vann seriesølv med Molde Fotballklubb og cupsølv med nederlandske ADO Den Haag. Hestad spela 31 landskampar for Noreg i tida 1969-86. Både han og broren Stein Olav Hestad spela for Molde FK.

Harry Hestad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. november 1944 (79 år)
Molde kommune
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Klubbspel endre

Hestad voks dei fyrste åra opp i Søre Fræna, men familien flytta til Molde få år etter andre verdskrigen. Han debuterte for Molde FK i 1961 og spela for klubben fram til 1970. Desse åra spela klubben i Møre-avdelinga av 3. divisjon. Sommaren 1970 fekk Hestad kontrakt med nederlandske ADO Den Haag, samstundes med Harald Berg. Klubben kom i deira fyrste sesong på tredjeplass i den nederlandske toppserien, året etter enda FC den Haag, som klubben då hadde endra namn til, på fjerdeplassen i serien. I den sesongen, 1971/72, nådde klubben den nasjonale cupfinalen. Her møtte dei Europas beste fotballag, Ajax Amsterdam, og tapte 2-3 på stadion i Rotterdam.

Landslagsspel endre

Hestad debuterte for Noreg landslag i fotball i mai 1969 mot Mexico. Hausten 1969 skåra han to av måla då Noreg slo Guatemala 3-1 i ein såkalla vennskapslandskamp på bortebane. Då Noreg i september 1973 møtte Nederland i ein kvalifiseringskamp til VM 1974, skåra Hestad Noregs mål i ein kamp som enda med 2-1 til Nederland. I tida fram til 1976 deltok han i 31 landskamper og skåra fem mål.

Trenar og yrkesliv endre

Hestad var spelande trenar for Molde saman med Torkild Brakstad i fleire periodar. Åra 1986-89 var han hovudtrenar for laget, saman med Åge Hareide. Klubben vann både sølvmedaljar og bronsemedaljar i serien i den perioden.

Haestad var revisor fram til 1970, dreiv sportsbutikk 1973-83 og var kultursjef i Fræna frå 1984 til han vart pensjonist.

Merittar endre

  • Nederlandsk seriebronse 1971 med ADO Den Haag
  • Nederlandsk cupsølv 1972 med ADO Den Haag
  • Seriesølv 1974 med Molde

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar