Fræna kommune
Fræna kommune er ein tidlegare norsk kommune i Romsdal i Møre og Romsdal fylke. Han vart slegen saman med Eide kommune til Hustadvika kommune den 1. januar 2020. Området låg på Romsdalshalvøya, nord for Molde, og grensa til Eide kommune og Gjemnes kommune i nordaust, Aukra kommune i vest og Molde kommune i sør. Kommunen hadde dei siste grensene sine frå 1964, då kommunane Fræna, Bud og Hustad vart slått saman til nye Fræna kommune.
Fræna kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Elnesvågen | ||
Areal | 369 km² | ||
• land | 362 km² | ||
• vatn | 7 km² | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Tove Henøen (Sp) | ||
Kommunenr. | 1548 | ||
Fræna kommune 62°54′28″N 7°06′30″E / 62.907777777778°N 7.1083333333333°E | |||
Kart som viser Fræna kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Fræna |
Elnesvågen er administrasjonssenter og største tettstad i kommunen. Busetnaden i kommunen er spreidd, men tettar seg til i og kring kommunesenteret og i Bud vest i kommunen. Fræna har fire kyrkjer, Myrbostad kyrkje, Bud kyrkje, Hustad kyrkje og Vågøy kyrkje.
Dumperprodusenten Moxy ligg i Fræna-området.
Namn og symbol
endreKommunenamnet var opphavleg Vaagø (Vågøy) og vart endra til Frænen i 1860[1] og Fræna i 1918. Staden har namn etter Frænfjorden (gammalnorsk Fræni). Tydinga er uviss, men kan stamme frå frænn (lys, skinande).
I 1589 heitte soknet Vågøy og låg under Aukra prestegjeld. Ved kongeleg resolusjon av 22. september 1859 vart soknet gjort om til Fræna prestegjeld. I 1880 vart gjeldet så delt i Ytre og Indre Fræna.[2]
Kommunevåpenet vart vedteke 15. mai 1995 og har sju blå bølgjer på ein gull bakgrunn. Motivet skal symbolisere havet.
Geografi
endreFræna omfattar den vestlege delen av Romsdalshalvøya, frå områda rundt Frænfjorden i sør til Hustadvika i nord, og dertil ei rekkje mindre øyar.
Hustadvika er ei av dei mest vêrharde strekningane av vestlandskysten. Fræna er ein kyst og fjordkommune der dei indre delane har ei rekke fjell mellom 600 og 1000 meter. Blant dei mest kjende fjella er Jendemsfjellet (633 moh.) og Kvannfjellet på (900 moh.), det høgste fjellet i kommunen. Nært kysten er det svære myrlendte område. Tvers gjennom kommunen går Frenfjorden som endar inst i Malmefjorden.
Nær grensa til tidlegare Eide kommune ligg dei kjende kalksteinsgrottene Trollkyrkja som er blant Frænas mest populære turistattraksjonar.
På fugleberget på Ergan i Bud hekkar tusenvis krykkjer som kjem kvar februar og forlèt Fræna til fordel for sør-Atlanteren i midten av august.
Næringsliv
endreKommunen har sine største hjørnesteinsbedrifter som produserer for eksport: Hustadmarmor produserer marmor til bygningsindustrien og slurry til papirindustrien. Dumper-produsenten Moxy vart grunnlagt av gründeren Birger Hatlebakk. Fræna kommune er den største landbrukskommunen i Møre og Romsdal, med stor kjøtt- og mjølkeproduksjon. Tine har produksjonsstad for mellom anna Jarlsbergost. I hamna Harøysund ved Bud er også fiskerinæringa ei viktig næring.
Atlanterhavsvegen og Trollkyrkja er attraksjonar for turistnæringa i kommunen. Sportsdykking og sportsfiske på Hustad trekker også til seg ein del turisme.
Folketalsutvikling
endreFolketalsutvikling for noverande Fræna kommune frå 1900:
1900[3] | 1.12.1920[4] | 1.12.1930[5] | 3.12.1946[5] | 1.1.1951[6][7][8] | 1.1.1961[6][7][8] | 1.1.1971[6] | 1.1.1981[6] | 1.1.1991[6] | 1.1.2001[6] | 1.1.2010[6] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
5608 | 6456 | 6633 | 7074 | 7006 | 7228 | 7487 | 8858 | 8886 | 9040 | 9336 |
Kjende folk frå Fræna (fræningar)
endre- Anton Aure (1884–1924), boksamlar og bibliograf
- Birger Hatlebakk (1912–1997), industrimann
- Rolf Groven (f. 1943), biletkunstnar
- Edvard Hoem (f. 1949), forfattar
- Jim Svenøy (f. 1972), friidrettsutøvar
- Ola Kvernberg (f. 1981), fiolinist og jazzmusikar
Kjelder
endre- ↑ Aas, Harald. «Vågøy kyrkje». Fræna kirkelige fellesråd, Den norske kyrkja. Henta 23. november 2012.
- ↑ «Prestegjeld og sokn i Møre og Romsdal». Arkivverket. 20. februar 2003. Henta 7. mars 2011.
- ↑ "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Folkemengd i Fræna 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 7,0 7,1 Folkemengd i Bud 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 8,0 8,1 Folkemengd i Hustad 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- John Stokkan (8. juli 2010). «Fræna». Store Norske Leksikon. Henta 21. oktober 2010.
- Eirik Helleve (26. mai 2009). «Fræna kommune, Møre og Romsdal». Allkunne. Henta 21. oktober 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Fræna» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juni 2013.