Harry Potter-fandom

Harry Potter-fandom er eit stort internasjonalt og uformelt fellesskap samla rundt Harry Potter-serien av J.K. Rowling. Fandommen strekker seg over fleire medium som nettstadar, fan fiction, podcaster, fan art og songvideoar.

Harry Potter-fans utkledd med kapper.

Då den fjerde boka i serien skulle gjevast ut, hadde mengda med Harry Potter-fans blitt så stor at det blei tatt store sikkerhetstiltak for at ingen skulle få tak i boka før utgjevingsdatoen.

Undersøkingar på fandom har vist at både born og vaksne er fans, sjølv om Rowlings originale markedsføring av bøkene var til born i alderen 9-12.

Potter-fans som ventar utanfor bokhandelen Borders for ein kopi av Harry Potter og Halvblodsprinsen.

Pottermania endre

Pottermania er eit uformelt omgrep som er brukt sidan 1999 om manien fansen har hatt til Harry Potter-serien.

Denne manien har mellom anna blitt parodiert i Lauren Weisberger sin roman The Devil Wears Prada frå 2003, samt i 2006 i filmatiseringa av boka. I forteljinga, blir hovudpersonen Andrea Sachs beordra til å hente to kopiar av den neste boka i serien for leiaren sine tvillingar før dei blir gjeve ut slik at dei kan bli privat flyge til Frankrike, der tvillingane og mora deira er på ferie.

 
Fans stod i kø for Dødstalismanene-boka, utanfor Waterstone's bokhandelen i London.

Serien har også fått kritikk. Etter påstandar om hekseri og okkultisme funne i teksten og rettstvist innførte ein lege begrepet "Galtvort hodepine"(Hogwarts headache) i eit brev til New England Journal of Medicine kort tid etter utgjevinga av Føniksordenen, den lengste boka i serien på 766 sider i britiske utgåva og 870 sider i den amerikanske utgåva med 250 000 ord.

Potterhead er også ei nemning på ein stor fan av Harry Potter-serien.

Fan fiction endre

Rowling har støtta fan fiction-historiar på internett, som er historier skrivne av fans som involverer Harry Potter eller andre karakterar frå bøkene.[1] Ei undersøking frå mars 2007 viste at «Harry Potter» er det mest søkte fan fiction emne nettet.[2] I mai 2012 er det over er det over 593,200 historier om serien på FanFiction.Net.

Kjelder endre

Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: <references>

  1. [http://news.bbc.co.uk/2/hi/entertainment/3753001.stm . "Rowling backs Potter fan fiction". Henta frå BBC, 14.januar 2007.
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 22. juli 2012, henta 7. august 2012