Albumet markerte ei tilbalkevending til å lage filmmusikk for Presley, sjølv om han hadde gjeve ut studioalbumet Elvis for Everyone i 1965. Albumet med songar spelt inn dei siste ti åra, heilt attende til tida i Sun Studios i Memphis, hadde fått ein overraskande hitt verda over med ein fem år gammal gospelsong, «Crying in the Chapel». Presley uttrykte misnøye med kvaliteten på songane og det store presset på dei faste låtskrivarane hans samla saman av Freddy Bienstock — låtskrivarane Giant, Baum og Kaye som aleine hadde skrive 17 av 47 songar på dei fire siste filmmusikkalbuma i løpet av 18 månader.[3] I røynda kunne ein ha pressa nesten kva song som helst inn i historia, inkludert gamle klassikarar. Men så lenge salet heldt fram, gjorde teamet rundt Presley kontroll over opphavsrettane til nye songar skrivne av låtskrivarane til eit rav.[4] På denne tida byrja derimot plate- og kinosalet til Presley å falle.
Det vart spelt inn elleve songar for Harum Scarum, og alle vart brukte på albumet, medan to songar ikkje vart nytta i filmen. Som med Roustabout vart det ikkje gjevne ut singlar frå albummet. Det kom ut ein singel ein månad seinare, ein song som var att frå 1957, «Tell Me Why» i lag med «Blue River» frå eit avlyst album frå mai 1963. Det var eit illevarslande teikn på det som skulle kome, då singelen berre nådde 33. plassen på Billboard Hot 100, den lågaste plasseringa Presley hadde hatt på lista til då i karrieren.[5]
Presley spelte inn «Wisdom of the Ages» den 24. februar 1965 i RCA studios.[6] Det vart gjeve ut som eit bonusspor på filmmusikkalbumet, i lag med «Animal Instinct», som heller ikkje var med i filmen.[7][8] The Jordanaires sang korvokal.[9] Filmen og filmmusikken vert rekna som noko av det dårlegaste Presley gjorde.[10]
I 2003 vart Harum Scarum gjeve ut på ny på Follow That Dream i ei spesialutgåve med originalalbumet og mange alternative opptak..[11]
|
1. | «Hey Little Girl» | Joy Byers | 25. februar 1965 | 2:15 |
2. | «Golden Coins» | Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye | 26. februar 1965 | 1:54 |
3. | «So Close, Yet So Far (From Paradise)» | Joy Byers | 25. februar 1965 | 3:01 |
4. | «Animal Instinct» (bonusspor) | Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye | 26. februar 1965 | 2:13 |
5. | «Wisdom of the Ages» (bonusspor) | Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye | 25. februar 1965 | 1:55 |
Follow That Dream-utgåva frå 2003
endre
|
1. | «Harem Holiday» | 2:18 | 2. | «My Desert Serenade» | 1:47 | 3. | «Go East - Young Man» | 2:16 | 4. | «Mirage» | 2:25 | 5. | «Kismet» | 2:08 | 6. | «Shake That Tambourine» | 2:02 | 7. | «Hey Little Girl» | 2:15 | 8. | «Golden Coins» | 1:54 | 9. | «So Close, Yet So Far (From Paradise)» | 3:01 | 10. | «Animal Instinct» | 2:13 | 11. | «Wisdom of the Ages» | 1:55 |
|
12. | «Animal Instinct» | 2:11 | 13. | «Wisdom Of The Ages» | 1:52 |
|
|
14. | «My Desert Serenade» (opptak 7 [2052]) | 2:15 | 15. | «Hey Little Girl» (opptak1,2 [2068,69]) | 2:56 | 16. | «Shake That Tambourine» (opptak 7-8 [2010-11]) | 2:38 | 17. | «Golden Coins opptak» (3&4 [2075-76]) | 2:18 | 18. | «Kismet» (opptak 1&2 [2063-64]) | 2:42 | 19. | «Animal Instinct» (opptak 1,3,4 [2089,91-92]) | 5:17 | 20. | «So Close, Yet So Far (From Paradise)» (opptak 1 [2042]) | 3:26 | 21. | «Shake That Tambourine» (opptak 10, 16 [2013,19]) | 3:04 | 22. | «Hey Little Girl» (opptak 3 [2070]) | 2:40 | 23. | «My Desert Serenade» (opptak 2,3 [2047,48]) | 2:13 | 24. | «Golden Coins» (opptak 7,8 [2079,80]) | 2:23 | 25. | «Harem Holiday» (opptak 1,2 [2095,96]) | 3:18 | 26. | «Wisdom Of The Ages» (opptak 3 [2060]) | 2:04 | 27. | «Shake That Tambourine» (opptak 18-21 [2021-24]) | 3:11 |
|
År
|
Lister
|
Plassering
|
1965
|
Billboard Pop Albums
|
8
|
- ↑ «Harum Scarum - Elvis Presley». AllMusic. Henta 11. mai 2016.
- ↑ «Pop Albums». Elvis Presley: Official Site of the King of Rock 'n' Roll. Elvis Presley Enterprises, Inc. 2013. Henta 5. oktober 2016.
- ↑ Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 201.
- ↑ Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 198.
- ↑ Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 417.
- ↑ Worth, Fred L.; Tamerius, Steve D. (23 March 1992). Elvis: his life from A to Z. Wings Books. Henta 1. desember 2016.
- ↑ McLafferty, Gerry (1989). Elvis Presley in Hollywood: celluloid sell-out. Hale. Henta 1. desember 2016.
- ↑ Matthew-Walker, Robert (1995). Heartbreak hotel: the life and music of Elvis Presley. Castle Communications. ISBN 978-1-86074-055-8. Henta 1. desember 2016.
- ↑ American Film Institute; Munden, Kenneth White (1971). The American Film Institute catalog of motion pictures produced in the United States. University of California Press. s. 457. ISBN 978-0-520-20970-1. Henta 1. desember 2016.
- ↑ Cotten, Lee (21 July 1987). The Elvis catalog: memorabilia, icons, and collectibles celebrating the king of rock 'n' roll. Doubleday. s. 120. ISBN 978-0-385-23705-5. Henta 1. desember 2016.
- ↑ Kjelder: