Opna hovudmenyen

Dominic Joseph «D.J.» Fontana (15. mars 193113. juni 2018) var ein USA-amerikansk musikar. Han er best kjend som trommeslagar for Elvis Presley i 14 år. Han spelte på over 460 RCA-innspelingar med Elvis.

D.J. Fontana
DJ Fontana performing (cropped).jpg
Fødd15. mars 1931
FødestadShreveport
Død13. juni 2018
DødsstadNashville
FødenamnDominic Joseph Fontana
OpphavUSA
SjangerRock and roll
Instrumenttrommesett
Tilknytte artistarThe Blue Moon Boys, Elvis Presley
PlateselskapSun, RCA
Verka somTrommeslagar

BiografiEndra

Med kallenamnet «D.J.», fekk Fontana jobb i radioshowet Louisiana Hayride som fast trommeslagar. Programmet gjekk kvar laurdagskveld. I oktober 1954 vart han hyrt inn til å spele trommer for Presley, og vart verande i bandet til Elvis dei nesten 14-15 åra. Han spelte mellom anna på fjernsynsprogrammet '68 Comeback Special.

Fontana vart med i eit band (opphavleg sett saman av Sam Phillips utan trommeslagar) som bestod av Scotty Moore (sologitar), Bill Black (bass) og Elvis Presley (rytmegitar), og dei kalla seg «The Blue Moon Boys». Dette bandet spelte på dei fleste hittane til Elvis Presley i 1950-åra, som «Heartbreak Hotel», «Hound Dog», «Don't Be Cruel» og «Jailhouse Rock». Bandet turnerte òg mykje og spelte i lag på fleire TV-show, som The Ed Sullivan Show i 1956 og 1957.

«Væpna med nøysemd, kraft, swing, dynamikk, flott takt og - det største komplimentet av dei alle - enkeltheit når det passa seg best, rocka D.J. den største songaren og dei beste låtane...nokon gong. Han gjorde det år etter år, den eine klassiske plata etter den andre. I ei verd av døgnfloger og heldige «rockestjerner», var D.J. ekte vare.»

Stan Lynch

Bandet vart offisielt oppløyst i 1958, men Fontana og Elvis fortsette å spele i lag gjennom 1960-åra. Moore var òg stundom med dei. Moore og Fontana spelte òg i lag utan Presley, mellom anna i 2002 då dei spelte inn «That's All Right (Mama) med Paul McCartney. Etter 1958 spelte aldri Black med bandet igjen. Han døydde i 1965.

I 1983 gav Fontana ut boka D.J. Fontana Remembers Elvis om åra han spelte med Presley. I 2009 vart Fontana innlemma i Rockabilly Hall of Fame i Nashville, og same året vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i kategorien sidemenn.[1]

Fontana vart spelt av Ed Begley jr. i filmen Elvis (1979) og av Eric William Pierson i miniserien Elvis (2005).

D.J. Fontana døydde heime den 13. juni 2018, etter ei tids sjukdom.[2]

KjelderEndra

  1. «DJ Fontana». Rock and Roll Hall of Fame. 2009. Henta 28. september 2016. 
  2. «The Mississippi Music Project reports death of D.J. Fontana». www.themississippimusicproject.org (på engelsk). Henta 14. juni 2018. 

BakgrunnsstoffEndra