Henry Strzelecki
Henry Strzelecki (8. august 1939–30. desember 2014) var ein USA-amerikansk studiomusikar i Nashville som spelte med Chet Atkins, Waylon Jennings, Willie Nelson, Eddy Arnold, Bob Dylan, Johnny Cash, Ronnie Milsap, Merle Haggard og mange andre.
Henry Strzelecki | |
Fødd | 8. august 1939 |
---|---|
Fødestad | Birmingham i Alabama |
Død | 30. desember 2014 (75 år) |
Dødsstad | Nashville |
Fødenamn | Henry Pershing Strzelecki |
Opphav | USA |
Sjanger | Country, rock & roll |
Instrument | Bassgitar, gitar, munnspel |
Tilknytte artistar | Chet Atkins, Hank Garland |
Verka som | musikar |
Strzelecki var fødd i Birmingham i Alabama og byrja å spele country i tenåra.[1] Han skreiv songen «Long Tall Texan», som vart ein hit for The Beach Boys. Han arbeidde med Chet Atkins i mange år, både i studio og på turné. Han vart rekna som eit av hovudmedlemmane i Nashville A-Team og arbeidde med nesten kvar stjerne som braut gjennom i Nashville frå 1960- til 1980-åra.[2]
I 1987 vart han nominert til årets bassist under Academy of Country Music Awards.[1]
Strzelecki vart råka av ein bil i Nashville den 22. desember 2014 og døydde av skadane 30. desember.[2][3]
Sjå òg Endra
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Henry Strzelecki» frå Wikipedia på engelsk, den 1. desember 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Eder, Bruce. «Henry Strzelecki: Biography». Allmusic. Henta 1. desember 2016.
- ↑ 2,0 2,1 Oermann, Robert K. «Session Great Henry Strzelecki Passes». Music Row. Henta 1. desember 2016.
- ↑ Meyer, Holly (2. januar 2015). «Studio musician dies from crash injuries». The Tennessean. Henta 1. desember 2016.